Dans med meg

Førre helg blogga vi om korleis det var å ha kunstnarsamtale med Brogan, Pétur og Ármann.
Vi såg faktisk framsyninga deira òg. Den var eit resultat av at Ármann lenge hadde hatt eit ønske om å danse på ei scene. Han måtte berre lære seg å danse fyrst. Svigerdotter Brogan vart redninga, og saman laga dei ei søt og ærleg framsyning som bobla over av rørsleglede.

Foto: Finnbogi Sigurdur Marinosson

Foto: Finnbogi Sigurdur Marinosson

Dei synte oss mellom anna korleis dei dansar når dei vil kjenne seg glade. Det ville vi òg prøve ut, og her er våre beste mooves:

Gladdans2

Gladdans4

Korleis dansar du når du vil vere glad?

– Ingrid og Ragnhild

Dance for me:

konsept: Brogan Davison, Pétur Ármannsson og Ármann Einarsson – Aktørar: Ármann Einarsson og Brogan Davison – Regi: Pétur Ármannsson – Koreografi: Brogan Davison – Teknikk: Pétur Ármannsson.

Foto: Hrefna Björg Gylfadóttir

Foto: Hrefna Björg Gylfadóttir