Kunst-i-kit gjester Trondheim! – dette måtte eg sjølvsagt få med meg. Utan at eg heilt hadde skjønt opplegget. Eg visste det var nokre greier Wrap i Bergen hadde starta, og at dei skulle turnere til diverse byar og vise ymse forestillinger. Eller som dei beskriv seg sjølv på facebook-sida si:
Kunstikit er et dogmeprosjekt som gir et kaleidoskopisk blikk på kunstnorge anno 2012 gjennom bred deltakelse i flere faser.
Eg trengte to dager på å forstå opplegget skikkelig. Eg synast ikkje dei hadde klart å formidle særleg godt kva konseptet er. Derfor skal eg forklare for dykk. Wrap er iniativtakarar til dette dogmeprosjektet, kor dei har invitert til alt frå etablerte kunstnarar til ferske grupper til å lage ei framsyning, performancce, film, etc ut i frå den samme pakka, altså kitet. Dette kitet bestod av bidrag frå alt frå kunstnarar til forskarar. Som til dømes ein forskningsprosedyre, oransje plastikkband til bruk i reindrift, lydbibliotek, legetrøyer med trykk eller ein «kunstisizer». Med dette skulle dei lage ei forestilling på maks 30 minutt kor minst tre komponent frå kitet var med.
På desse to dagane fekk eg sjå ni korte framsyningar frå mellom Bembo Davies, KompaniKontra og Leo Preston frå Wrap. Dei viste og tre filmbidra frå mellom anna Kompani Krapp og Heine Avdal.
Når eg hadde skjønt konseptet meir, synast eg det var artig å sjå kor forskjelling kunst ein kan lage med det same utgangspunktet. Enkelte hadde framsyning med Chat roulette, nokon hadde ein avansert form for tante pose med reinsdyrplastikken og andre ville frelse oss med eitt såpestykke frå klosteret på tautra.
Og kva og eg heim att med? Eit litt rotete programhefte, ein forskninsprosedyre – eller i dette tilfellet ein forestillingsprosedyre, og eitt såpestykke. No luktar veska mi ein blanding av fersken og spicegirlsparfymen.
– Eg prøver å ta bilete av meg sjølv i eitt speil på scena – det går heller dårleg.
Kunst-i-kit visar i Stavanger til helga, og i Bergen 9. – 10. november. Eg anbefalar å ta turen!
– Ingrid
2 svar til “Chat roulette, kuntstisizer og eitt såpestykke. Eller kunst-i-kit.”
Tommel opp for god formidling! Når eg har lese om dette før skjøna eg ingenting og blei mest provosert nok til å skrive lesarinnlegg om tåkete kunstnarar, men no fekk eg lyst til å oppleve kit-kunsten!
Godt det ikkje var berre meg som synast det var rotete – og godt å høyre at du forstod konseptet no.