Carry On: Flislagd flanering i dataspeldramaturgi

Frontlosjeherrar gjester Frontlosjen med deira inntrykk av Carry on av Heine Avdal og Yukiko Shinozaki som vart vist på Sentralbadet under Oktoberdans 2016

Andreas: Me får skrive ei slags anmelding av Carry On da.

Magnus: Ja

A: Så, kva synest du sånn innleiingsvis om… stykket? Er det eit stykke?
Er det dans, er det ein guida tur? Kva vil du kalle det?

M: Bokstavdans, men kanskje litt langdryg start. Bokstavleik. Interessant leik med ord.

A: Jau, og etter ulike anagram danna frå ordet Sentralbadet vert me teken på ei reise gjennom bygget.

M: Ei mimrereise kombinert med eksistensialistisk surrealisme.

A: Eit gjennomgåande tema i forestillinga er jo å følgje etter desse bokstavane, og den svarte kuba. Eg likte godt den litt surrealistiske kjensla ein fekk av å bli «låst ute» ganske raskt etter turen var i gang. Genuin nervøs latter frå fleire av tilskodarane/turgjestene.

M: Ja, den var fin. Og det å bli låst inne på ein dass

A: Ti menneske i eit lite offentleg toalett.

M: Og ei dame i badedrakt.

A: Sikkert ein kommentar på manglande offentlege toalett i Bergen.

M: Garantert. Kva anna skulle det vere lizm. Eit slags metasymbol på den svarte boksen dei drog med seg overalt?

A: Når smalteater ikkje kan vere i ein black box, så tek dei iallfall med seg black boxes over alt.

M: 13989603_1114499261927343_1944221365_n

A: Akkurat slik. Etterpå så sa me båe at det minna oss om dataspel – skal vi utforske det litt?

M: Minna meg om urovekkande kjensla ein fekk av Silent Hill, om enn utan blod. Dårleg grafikk med dårleg lysforhold. So mange pikslar eg kunne sjå.

A: Og Silent Hill, for dei uinnvidde, er altså ei skrekkforteljing med mykje fokus på oppbyggjing av skummel stemning.

M: Som er eit dataspel.

A: For min del minte det meg om Myst, eller andre slike utforskingsspel. Du er i ein omgivnad som er laga for og av menneske, men ellers «tom», kun leia fram av eit objekt.

M: Men aller mest minte det meg om dataspel på grunn av den «regisserte» interaktiviteten. Interaktivt, men med begrensa handlingsrom.

A: Du kan berre gå gjennom den gangen som aktørane legg framfor deg, så du veit omtrent ikkje kva som er i området utanfor akkurat der du har vore. Dataspeldramaturgien var tydeleg.

M: Var visuelt likt dataspel òg då. Tomme dusjar og eit forlatt bygg. Mykje postapokalyptiske vibes. Resident Evil 2. Og 3.

A: Berre utan monster. Men den uhyggelege stemninga var tilstades.

M: Elles var det ganske labyrintisk, der det var litt vanskeleg å forstå retninga og kvar ein kom frå.

A: Kva synest du om romma som antropomorfiserte dei svarte boksane – dei med historiene og ynskja deira?

M: Bidrog til den uhyggelege stemninga. Eksistensialistisk med innslag av uoppfylte ynske, der ein alltid ville meir og bli større uansett kva utgangspunkt ein hadde. Lyst etter grønare gras.

A: Er Sentralbadets gjennoppstand som kulturhus det grøne graset i enden av tunnelen, trur du?

M: Nice. Det er i alle fall gras. I motsetnad til tomrommet det er no.

A: Det hjalp veldig på stemninga at ting var så uferdige og stengte. Minner litt om diverse urban exploring-dokumentarar eg har sett. Som den gongen vi på borneskulen klatra rundt i krypkjellaren under scena i gymsalen.

M: Det gav det heile eit levande inntrykk. Kva var teater/dans og kva var sånn det var/er?

A: Vi var både deltakande publikum og ikkje. Iallfall når det viste seg at vi som tilskodarar hadde stilt oss framfor noko som aktørane ville ha tak i. Det vart liksom som ein del av ein improvisert koreografi, det likte eg.

M: Litt som å drakse med seg ein slik dataspelkarakter.

A: Escort mission.

M: Indeed. Elles var det lydar omkring i romma. Var dei arbeidslydar eller teaterlydar? Med/utan meining?

A: Både og?

M: Det verka som litt av opplegget gjekk på å lure deg til å tru ting som ikkje alltid var det du trudde det var.

A: Ja, og ein del sånne fingerferdigheitstriks. Anten distraksjonar, eller folk som plutseleg ikkje var der du trudde dei var, eller svarte boksar som kom litt ut frå ingenting.

M: Og so endra dei storleik.

A: Undervegs?

M: Ja, mange av boksane ynskte òg å bli større.

A: Stemmer.

M: Stemmer høyrde vi lite av.

A: Er det noko sånn avslutningsvis du tenkjer at det er lurt å seie?

M: Eit eller anna med poenget med det heile? Alt blir slukt inn i ein svart boks til slutt.

A: Klokka tikkar stadig nærare eit eller anna, iallfall.

M: Potensial ein har blir til større potensial når ein når førre potensialnivå? Eller mot (?) starten, som var Sentralbadet i seg sjølv. Sjølv om det ikkje er svart.

A: Eg reknar med turen var litt annleis for deg, som ikkje har vore særleg i Sentralbadet før, og meg, som har vore der fleire gongar medan det framleis var vatn i bassenget.

M: Vel, eg har sett at det har vore vatn i bassenget då, om enn utanifrå, men det huset har ei viss lukt og stemning, det var litt trist og nostalgisk å sjå det så tomt også. Medan for meg var det ei ny reise i eit nedlagt bygg som eg har gått mykje forbi og som det står mykje i avisene.

A: Flislagt flanering, vøtt.

M: God oppsummering

A: Det får bli overskrifta.

– Magnus og Andreas

 

// mjøling av andre si kake //  frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under oktoberdans 2016

5507-1

Tags: , ,