Kategorier
Omtalar

Bra teaterhelg

De selektive, Jake &Pete’s big reconciliation attempt og Far, far away.

Ingen ting er som fleire gode framsyningar på rad (vi teatervitarar veit at det berre blir lengre og lengre mellom godbitane). Her er vidunderhelga mi oppsummert:

De selektive

Endeleg! Endeleg fekk eg sjansen til å sjå denne framsyninga eg har høyrt så mykje om, som har hausta ros frå både bekjente og journalistar.

Foto: Marianne Lystrup, Vårt land
Foto: Marianne Lystrup, Vårt land

Mari har verkeleg stått på og laga eit godt produkt både med tanke på kjeldemateriale, manus og regi – og kanskje aller mest med tanke på samansetting av ensemble. Her får alle utnytta sitt potensiale. Eg kosa meg – om det er lov å seie når ein ser eit stykke om sorteringssamfunnet? 1236749_518673094886215_889861314_n

Minus: eg vart stoppa frå å gå inn i salen med drikke, og måtte pliktoppfyllande styrte eit halvt glas med vin for å sikre med ein god plass. 20 sekund seinare var det likevel lov å ta med drikke inn i salen. Eg vil ha det attende!

Eg trur ikkje eg har endra synet mitt i abortspørsmålet, men no er eg rikare:DSC01750drv

Rett i boks

Eg klarte ikkje dy meg, det er jo fullt av boksar i framsyninga. Tenk at ei framsyning kan vere så banal, genial og morosam, og imponerande!

1381683_10151818846888280_343987789_n

Det er enkelt i den forstand at det syner forholdet mellom sysken og vener – utan ord, men med akrobatikk og stemme. Det er avansert fordi det maktar å syne det komplekse relasjonen mellom sysken og vener utgjer – utan prat, men med skrik, mjuke bein og truserøsk. Det er spesielt artig fordi dei har meir eller mindre ekte skjegg.

Jakob og Pieter FTW. Dette skal eg øve på heime.

DSC01745dvDSC01742dpow

Desse framsyningane vart krydra med nye visningar og litt jobbing for Far, far away i Korskiren. Takksamt arbeid!

De selektive – Mari Sofie Andreassen – Charlotte Prydz Ottesen – Haakon Mustafa Smestad – Alexander Vestergren – Line Stokland Røthing – Harald Ottesen Nødtvedt  – Snorre Mandal – Eirik Lie Hegre

Jake & Pete’s Big Reconciliation Attempt Av og med: Jakob Ampe & Pieter Ampe – Mentor: Alain Platel – Scenografi: Jelle Clarisse – Teknikk: Piet Depoortere – Kostymer: An Breugelmans – Skjeggmaker: Dian Vandecruys

Far, far away – Koreograf, utøver og produsent: Kristine Nilsen Oma – Utøver og scenerigger: Grethe Mikaelsen – Scene-element, kostyme og foto: Janne Robberstad – Live-musikk: Øyvind Hegg-Lunde – Pepperkakebaker: Kari Johanne Oma – Dramaturgisk konsulent: Camilla Skrede Johannesen
Speles i Korskirken søndag 6. oktober kl. 20.30

– Ragnhild