I kveld kan du få med deg dei to siste framsyningane av Blind på Cornerteateret. Forfriskande teater som fyller formatet sitt godt, og vitnar om kunstnarar som har eit potensiale som når ut over dei fire veggane i Søylesalen.
Vi diggar teater som tek utgangspunkt i gamle og delvis gløymte stykke vi las om ein gong i studietida vår. Denne gongen har Anita Bjørkli og Runar Bruteig Olsen tatt utangspunkt i Maurice Maeterlincks einaktar frå 1890, og har enda opp med eit friskt og presist stykke teater/dans.
Vi tilskodarar fekk all lyd rett på øyret, slik at aktørane visste minst mogleg om kva som skjedde rundt dei. Rosa øyreklokkar måtte vi ta med sjølv.
Blind syner oss kor vanskeleg det kan vere å gjennomføre noko når ein fjernar ein av dei mest sentrale sansane våre: synet. To aktørar går gjennom ei rekkje ulike oppgåvar som skal fullførast i løpet av framsyninga – utan å nokon gong fjerne bindet frå augo. Som det å kaste ball til kvarandre, finne eit vatnglas og bygge ein vegg av isopor. Det var både artig og spennande, men vi tykte no dei bala vel mykje til tider (har du verkeleg så lite retningssans i eit rom du har tilbrakt mykje øvingstid i?). Derfor bestemte vi oss for å sjekke om vi er like hjelpeslause når vi mistar evnen til å sjå langt ut i horisonten.
Det er tid for ein god gammaldags selskapsleik:
Frontlosjen presenterer: Blindeprinsesse
Ragnhild sin konklusjon: ikkje vent med fjeset til slutt!!!
Ingrid sin konklusjon: Det Ragnhild sa.
– Ragnhild og Ingrid
BLIND:
Aktørar: Karen Eide Bøen, Anita Bjørkli, Marija Baranauskaite, Sara Bruteig Olsen og Gerard Dwyer – Regi og lyd: Runar Bruteig Olsen – Video: Anita Bjørkli – Scenografikonsulent: Silje Sandodden Kise – Produsent: Anna Borcherding – Plakat og program: Dino Dikic
Visast i Søylesalen på Cornerteatret 4.oktober kl. 17.30 og 19.30
NB! Hugs headset/øyreproppar!