
Det er stas å gå på Lille scene på DNS. Teatervitaren i meg likar at ein må gå rundt på sida av bygget og opp ei vindeltrapp som ligg kloss innpå kantina til dei tilsette. Og så er garderoben så triveleg, og atmosfæren så intim.
Eg kjem tidleg, så eg kan sette meg fremst og – om eg vil – strekke føtene mine inn i den enkle scenografien. Linoleum på golv og veggar, og kvite skileveggar som skapar eit upersonleg pauserom på ein arbeidsplass ein stad i England.

Plottet er enkelt – Una oppsøker Ray 15 år etter at han forgreip seg på ho. Da var han 40 og ho 12 år. I det vesle rommet fullt av gamle pizzaesker og tome pappkrus prøver ho å konfrontere, fordømme, og forstå – og saman nøstar dei opp kva som eigentleg skjedde den gongen, og korleis dei har hatt det sidan. Regissøren har klart å skape ein god dynamikk som held på merksemda mi gjennom ein 1 time og 15 minutt lang dialog, noko som er godt gjort. For eg er ein utolmodig person.
Nesten heile framsyninga er det berre to aktørar på scena, og dei meistrar stort sett det krevjande materialet. Dei er best når dei mistar fatninga. Når dei gret eller ropar til kvarandre, gneistrar det av skodespelet. I dei stille partia skulle eg ønskje dei var enno meir nedpå, og hakket mindre animerte. For å skape den stille intensiteten, liksom.

Men eg tenker ikkje på det så lenge. Ti minutt ut i handlinga er det stort sett berre éin ting som opptek meg – det faktum at begge karakterane er offer i denne forteljinga. Og hadde vore det, sjølv viss mannen som forgreip seg på ein tolvåring faktisk hadde vore pedofil. For han hadde kanskje ikkje hatt noko val da heller, eller hatt moglegheit til å starte eit normalt liv etterpå (noko han har gjort i dette tilfellet).
Håret på armane reiste seg aldri, men eg tykkjer like fullt det var ei god oppsetting som blir værande i bakhovudet ei stund etterpå. Og det er kanskje ikkje så rart når det er snakk om ei framsyning som har nummeret til støttetelefonar notert i programmet.

Så kan de jo gjette kva song eg har på hjernen no.
– Ragnhild
Dramatikar: David Harrower (til norsk ved Victoria Meierik) – Regissør: Anders Dale – Scenograf: Olav Myrtvedt – Ljosdesignar: Einar Bjarkø – Maskør: Jill Alræk – Dramaturg: Solrun Toft Iversen – Med: Reny Marie G. Folgerø, Bjørn WIllberg Andersen, Tomine Mikkeline Eide, Marthe Malmedal – Speleperiode: 04.02.12-10.03.12