Alt eller ingenting

Eg står og malar på eit stort bilete. Det er litt som det vi lagde på paint på nittitalet: ein samanhengande strek teikna over heile skjermen kor ein fylte inn rutane med farge. Bak meg er eit stort scenerom med sølvgolv og flombelysning, og frykteleg mykje stæsj og dansarar som har på seg fargerike klede og rar sminke som minnar om TV-serien The Tribe.

Dette er La Subsance, but in english av Morten Spångberg. Ein fire og halvtimers lang danseevent kor publikum kan komme og gå, vere med å male og prøve å skjøne kva i all verden det er som skjer. Eller ikkje prøve å skjøne noko.

Substance2 foto moderna museet

På førehand har eg blitt lovt at dette er noko eneståande, årets» must-see», årets «you had to be there»-oppleving. Og det at teatersjefen ved Avant Garden sprang rett bort til Morten Spångberg etter premiera i New York og booka den til Bastard gir meg frykteleg store forventningar. Da må vel dette vere noko heilt fantastisk!

Og eg elskar det eg ser – i alle fall scenerommet! Eg er ein sucker for fargar, glitter og tacky ting. Her er alt det – og litt til. Bakveggen er eit gigantisk kvilteteppe, med gull og sølv og Gucci og Louis Vuitton og Chanel og Versace.  Men kvifor er det munnskyllevatn på scenea? Kvifor er det pizzaesker med popcorn i? Kvifor er det ein pyramide av smør? Frå høgtalarane strømmar melodiar som «Under my umberella», «Genie in a bottle» og andre popmusikk-kjisjear og heile nittitalet og totusentalet oppsummert i musikkform. Kor er Florentina og Vincent, er vi ikkje på heimeåleinefest hjå dei?

La Substance 6 Charles Roussel

Dette er forestillinga kor publikum kan komme og gå, og eg kjem inn i salen halvannan time ut i forestillinga. Da står dansarane og poserer for kamera og telefonar og eg får straks ein trang til å sjekke instagram og emneknaggar som #lasubstance og #mortenspångberg. Eg er til og med så freidig at eg legg ut eit bilete sjølv.

Så beveger dei seg sakte over scena, nokre bestemmer seg for å bytte kostyme, medan andre startar å danse ein felles koreografri, medan ein annan ristar på bjeller. Dansarane observerer oss like mykje som vi observerar dei. Så ristar dei på colaflasker og ropar høgt i mikrofonen og dansen fortsett. Dei utforskar eit formspråk eg ikkje har sett før.

Det er mykje som skjer på same tid, samtidig er det så repetativ at du ikkje har gått glipp av noko om du går i baren for å kjøpe ein ny øl. Det er ein fire timar lang konstant, flytande, meditativ, saktegåande, gjentakande happenning som verkar å ha verken start eller slutt. Ingen høgdepunkt, ein dramaturgisk masse kor verken det før eller etterpå er like viktig. Alt har like stor tyding, eller like lite tyding.

Eg anar ikkje kva dette skal handle om. Bruk og kast-samfunnet? Merkedyrking – det beste er berre godt nok? Eller absolutt ingenting?

La Substance 1 Charles Roussel

Publikum sitt på grå tepper, men kvifor er ikkje heile golvet dekt av sølv, slik at skillet mellom scene og sal brytast meire opp? Eg skulle ønske publikum kunne sitte meir kor vi ville og at vi hadde større friheter til å være litt mer aktive, slik som på konsert/klubb. Det er nesten så eg skulle ønske at vi vart invitert med inn i dansen. Det er ein clubbingsetting på scena som ikkje lukkast heilt å overførast på publikum. Dessverre blir forestillinga for meg litt meir introvert enn det eg hadde håpa på, og som det verkar at Spångberg vil at den skal vere. Eg vil inviterast med i dansen. Eg skulle ønske at det hadde vore ei større felles atmosfære, slik at eg verkeleg hadde fått kjensla av å vere med på noko stort!

– Ingrid

 

La Substance 9 Charles RousselLa Substance 19 Raul Zbengheci(1)

La Substance, but in English:

Av og med: Aron Blom, Linda Blomquist, Ludvig Daae, Yoann Durant, Emma Kim Hagdahl, Sandra Lolax, Linnea Martinsson, Pontus Pettersson, Mårten Spångberg, Rebekka Stillman, Hanna Strandberg, Marika Troili.

Spelast på Black Bok Teater 27. og 28. september.

Foto: Charles Roussel/Raul Zbengheci/Åsa Lunden