Kategorier
Omtalar

Til ungdomen

Bergen Borgerscene si siste forestilling heiter Lykkeliv. Om, av og med ungdom.

Når ei teaterforestilling er av og om ungdom, er det vanskeleg å ikkje tenke på si eiga ungdomstid; korleis skolekvardagen var, korleis moten var, kva interesser ein hadde, kva vener ein hadde og kva drømmer ein hadde.Bilde 067

 

For det er nettopp alt dette Lykkeliv av Bergen Borgerscene handlar om. Om ungdommane som dropper ut av skolen, som jobber i ferskvaren på meny, som driver med klatring, og som elsker å danse! Og som prøver å finne ut av kva ein skal bli i livet og gjere i livet, og som helst skulle ha funne det ut i går.

Også blir ein eldre og tenker, enn om eg kunne skrive eit brev til meg sjølv og sende til meg sjølv som ungdom? Og skrive at ein mest sannsynleg ikkje finn ut av alt i livet når ein er 30 heller, eller 50 eller kanskje 80 heller. Eit brev kor det står at det er berre å slappe av, for det kjem til å ordne seg. Og i mellomtida kan det vere greit å drømme om å bli prima ballerina, eller prate med framande på bussen, danse midt i gata midt på natta, eller berre gjere det som er typisk deg. Men kanskje det ikkje hjelper å sende eit slik brev uansett, for ungdomen vil jo ikkje høyre på dei vaksne, dei vil jo finne ut av det sjølv. Og slik kjem det alltid til å vere.

Legg igjen en kommentar