Om Frontlosjen

Frontlosjen er ein supporterblogg for scenekunst. Fordi eit godt miljø bidreg til betre kunst!

frontlosjen.com vart skipa av teatervitarane Ragnhild Gjefsen og Ingrid Saltvik Faanes vinteren 2012. Vi jobbar aktivt med å støtte opp om og synleggjere breidda i scenekunstfeltet.

Bloggen spring ut frå vårt grunnlag som barneteaterveteranar, dramaelevar, studentar og ferdigutdanna teatervitarar. Frontlosjen er ein livsstilsblogg snarare enn ein side med kritikkar og analyse – fordi scenekunstverda er så mykje meir enn den enkelte framsyninga.

Begge har mastergrad i teatervitskap frå UiB. Ragnhild har for augneblinken permisjon frå jobben som info- og salsmedarbeidar på BIT Teatergarasjen og jobbar som fyrstekonsulent og universitetslektor på UiB. Ingrid jobbar på billettkontoret ved Den Nationale Scene og er PRO-produsent.

Frontlosjen er ein uavhengig nonprofitt-blogg. Vi skriv om kva vil vil, men prøver å vere flinke med å merke innlegg dei gongane det er relevant (når det handlar om ting vi jobbar med). Dette gjeld òg når vi ein gong iblant får pressebillettar eller er festivalbloggarar.

22.–24. februar lagar vi vår heilt eigen scenekunstfestival. Den kan du lese meir om her.

- Ingrid og Ragnhild

Følg Frontlosjen i sosiale media. Brukarnamn: frontlosjen

unnamed-3    unnamed-2  unnamed  snapcode

 

 

2012-10-21 10.02.50