Om Frontlosjen

Vi er to unge frøkner som likar teater. Ikkje berre å sjå teater, men òg å lese om det, diskutere det, produsere det, representere det og kjenne på ambiensen til det. Og no tenkte vi jammen at vi skulle skrive om det òg. Men ikkje på den pretensiøse måten, for det gjer vi nok av elles.  Vi har endeleg innsett at msn-groups er litt 2000, men beheld sjarmen også i vaksent format. Her i Frontlosjen gjer vi som andre unge damer med rosa dagbøker – vi skriv om kvardag, kaffi, klede og store events. Reint bortsett frå at alt dreier seg om teater, sjølvklart.

Ingrid er trønderinne med tjuefem vintre bak seg. Ingrid likar  først og fremst teater fordi ho som fjortis hadde eitt eksponeringsbehov. Sjølv om lidenskapen på scena no har flytta seg til salen og vitskaplege samanhengar, betyr det ikkje at ho elskar dei skrå bredder mindre – tvert i mot (som Ibsen sa på dødsleiet – ikkje at Ingrid er på dødsleiet)! Ingrid jobbar iherdig med ei masteroppgåve om norsk revyteater.

Ragnhild er ei 26 år gammal dølajente som ei stund risikerte å bli veldig god i badminton. Men heldigvis flytta det inn ein iransk regissør hos naboen, og oppveksten vart redda. Etter ein lengre karriere i rampeljoset, tok ho omsider til vettet og gjekk over til the dark side. Ho er no lukkeleg oppslukt av akademiske og organisatoriske syslar. Til dagleg er ho vikarierande nestleiar på Bergen dansesenter.

Frontlosjefacts

  1. Ingrid og Ragnhild har gått på vidaregåande saman
  2. Ragnhild snakkar meir enn Ingrid, men Ingrid snakkar desto høgare
  3. Ingrid sitt første inntrykk av Ragnhild var: ”hmmm, det virka som ei jordnær jente”
  4. Andreas Diesen har spurt Ingrid om ho er sprek
  5. Ingrid likar baguettar og fransktalande kanadiarar, Ragnhild likar bratwurst og tyskarar. Eller var det tyrkarar?
  6. Dramalæraren vår kommenterte ein gong at Ingrid har for lite rynkar til å bli sminka som gamal. Så ho demonstrerer på Ragnhild: ”Ja, sjå her va de myttji å ta tå!”
  7. Ragnhild har spelt på store teater som DNT og Chat Noir
  8. Begge har spelt kålorm i Alice i Eventyrland. Samstundes. Fellesburka <3
  9. Ingrid har vore med i Kunstnarisk råd i Studentteateret Immaturus
  10. Ragnhild har deita ein tysk dramatikar. True story
  11. Ingrid og Ragnhild har begge mastergrad i teatervitskap frå Universitetet i Bergen
  12. Ingrid og Ragnhild vil avskaffe andre balkong

- Ingrid og Ragnhild

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>