What not to wear, konklusjon

No har vi i to episodar vist deg korleis det er å gå både underdressed og overdressed i teatret. No er det dags for ein konklusjon – kva av motpartane var best?

Underdressed: Komfortabelt reint fysisk, men ikkje mentalt. Det er ein grunn til at vi likar å pynte oss! Dessutan var det ingen som la merke til det, så dette er nok ikkje noko vi kjem til å fortsette med.

Overdressed: Føler oss meir vel i kjole, men veldig upraktisk med stram kjole og høge hælar (som ein ikkje får nytte). Trur folk faktisk stirra meir på oss denne gongen.

Dommen er klar, verken den eine eller det andre fungerte best. For å friske opp i minnet visar vi deg kva vi prøvde (og det funka dårleg):

Men kva skal ein eigentleg gå med da? Fortvil ikkje. Vi gir deg to forslag du absolutt ikkje bør følgje og eit du gjerne kan følgje.

Du vil nok føle deg litt beglodd på teatergarasjen i dette antrekketover the top

Ser du sånn ut bør du ikkje gå i teatret. Punktum.
Skivebom i teatret
Kvardagspynta, slik likar vi deg.

What not to wear, del II

Du har allereie blitt introdusert for korleis det var å gå underdressed på teater. I dagens episode presenterer vi korleis det var å gå overdressed.

Ragnhild: Eg likte tanken på å gå overdressed, men det var sjølvklart min tur til å gjere det den kvelden vi skulle på teater langt uti huttiheita (dvs vi måtte gå i 20 min). Men likevel insisterte eg på å kle meg opp med fine sko, dei kunne jo berre ligge i veska på veg til lokalet. For å framheve mitt flotte lilla bentøy gjekk eg for ein stilig grå, ettersittande kjole. Ikkje så prangande, men heilt tydeleg ikkje kjøpt på ein billig kjedebutikk. Eg fann òg eit smykke eg brukte på eit juleball på vidaregåande, og såg rett classy ut.

Dagens outfit - utan sko.

Det vart flaut. Vel framme hang eg frå meg ytterklær og bærenett og fiska fram ei lita veske eg openbart ikkje hadde bruk for på Wrap-huset. Eg var heilt malplassert blant eit praktisk kledd BIT-publikum, men det verste var at eg ikkje ein gong fekk gjennomført overdressed-konseptet. For vi måtte sette att skoa ute i gangen. Dermed enda eg opp med å åle meg på plass i det enkle amfiet i upraktisk trong kjole og iskalde tær – eg hadde jo ikkje ein gong sokkar på. Flaks at Ingrid var villig til å sette seg på golvet, det hadde vore heilt umogleg for meg. Eg trudde eg kom til å kjenne meg fin og kul. Eg enda opp med å gøyme meg bort, og lukkast ikkje ein gong med å vere overpynta.

Details schmetails

Ragnhild vart lei seg for at ho ikkje fekk nytte dei fine skoene sine.

Ingrid: Å kle seg overdressed er enkelt, så å finne antrekk til denne episoden var null stress tenkte eg. Men her følte eg problemet var motsatt fra underdressed – eg hadde for mange kjoler å velge mellom. Men til slutt falt valget på ein svart kjole med frynser, det er liksom ikkje noko tvil om at ein har kledd seg opp med den. Eg matcha med grøne øyredobber og 11 cm hæler, samt glitteraugenskugge og høgsåte. Eg tenkte å krølle håret òg, men det var ikkje noko vits i regnet.

Frynsekjolen er flott når ein svingar seg på golvet.

Da eg kom til småscenen måtte eg først ta av meg skolettene mine og på med penskoa. Det var litt flaut, kvifor skal eg skifte sko når eg skal på teater, lizzm? Dessutan føltes det som alle stirra på hælene mine når eg gikk ned amfiet for å finne meg eit sete (eg vil jo sitte så langt fram som mogleg). Eg må innrømme at eg føler meg meir vel i kjole enn hettegenser, men eg trur eg vart meir lagt merke til denne gangen. Forhåpentlegvis trudde dei andre at eg berre skulle på fest seinare på kvelden.

Øyredobber med frynser - alt for å matche til siste detalj.

Følg med neste veke for siste episode i what not to wear.

- Ragnhild & Ingrid

What not to wear, del I

Førre veke introduserte vi at vi vil presentere ein serie på fleire episoder, med tematikken: kva skal eg ha på meg når eg skal på teater? I denne episoden presenterer vi: underdressed.

Ingrid: Eg plagast faktisk med å finne noko som er underdressed nok – eg har jo ingen ting i skapet som ikkje er kjole eller skjørt. Finn til slutt den eine joggebuksa eg har og ein grøn hettegenser eg kjøpte med ein ironisk baktanke. Joggeskoene mine finn eg ikkje, så eg tar på meg eit par skateaktive sko eg har hatt dei siste åra. Men eg MÅ jo ha på meg øyredobber, finn det mest kvardagslege paret eg har, ei marihøne i kvart øyre. Men kva skal eg gjere med håret? Jo eg finn ei klype eg berre nyttar innanfor husets fire vegger. Herrejemini, det var jo vanskelegare å finne antrekk denne gongen enn det er til vanleg. Bra at eg ikkje skulle sminke meg, for det hadde eg ikkje fått tid til.

Dagens outfit. Utan sko. Dei måtte vi sette att i gangen.

Så går eg ut av huset og føler meg som ein kombinasjon av det er dagen derpå og at eg skal trene (dei einaste gongane eg går offentleg i joggebukse). Plutseleg ser alle så mykje betre ut enn meg, tenkar eg. Men når eg kjem til BIT sine lokaler denne kvelden, møtar eg faktisk folk som har så og seie akkurat samme typen klede som meg, og dei har sikkert ikkje tenkt over at dei har det på seg – det tenkar eg på. Når vi kjem inn i lokalet forestillingar er, får eg sitteplass på golvet, heldigvis har eg komfortable klede på meg, så det går bra, men hadde eg hatt på meg mitt vanlege antrekk, i form av kjole eller skjørt, ja, da hadde eg nok ikkje trivdes så godt på golvet. Ja, det er komfortabelt å gå i dasseklede, men eg føler meg som ein potetsekk, sjølv om ingen legg merke til at faktisk har JOGGEBUKSE på meg.

Hårfrisyren var like perfekt som alltid.

Ragnhild: Eg vart overraska da det var vanskeleg å velje kva eg skulle ha på meg. Eg hadde jo fleire trashalternativ i klesskapet! Prøvde å unngå eit intrykk at eg nettopp hadde vore på tur eller trening, og gjekk derfor for ein dongeritights med strikk i livet. Toppen eg hadde på vart kjøpt på salg på campus i Hildesheim, 5 euro. Den farga eg kler minst i verda er grå, så valget av hettegenser var lett. Toppa det heile med det eg ser på som det fremste teiknet på slakkeantrekk: bikinioverdel i staden for bh. Elles var joggesko og ullabbar eit must, samt litt maskara under augo.

Dagens ouftit. Legg merke til øyreklokkene og buffen.

På veg til teatret skippa eg paraplyen, slik at duskregnet kunne gjere siste finish på outfiten min. Det funka, for å seie det sånn. Og i det eg entra DNS, var dei store, rosa øyreklokkene på plass for å gje eit likegyldig slapt inntrykk. Eg kjende meg uoppdragen. Ein går ikkje på eit institusjonsteater med joggesko og rava allværsjakke, og eg kunne sjå korleis andre tilskodarar såg misnøgde på meg. Men det var sjølvklart ingen som kommenterte det, og det var nesten det verste. Da trur dei at eg er sånn. Men elles var det ganske gøy, litt som å vere på utkledningsfest. Men eg gjer det ikkje om att.

Den grå fargen kan fort bli litt blass, sjå korleis Ragnhild friskar opp antrekket med ein raud bikinioverdel.

Følg med i neste episode når vi tester den rake motsetninga: overdressed.

Men kva skal eg ha på meg?

Før i tida var det vanleg at kvinna satte opp håret ekstra fint og tok på seg høge hælar og at mannen fann fram slipset og glattkjemma håret når ein skulle i teater. Vel, slik er tendensen fortsatt – mange trur nok at pynta fortsatt er kleskoden når ein skal i teatret. I alle høve institusjonsteatret. Men kva skal ein egentleg ha på seg? – ein vil jo verken komme underdressed eller overdressed.

Sidan kleskoden på teatret ofte kan vere vanskeleg å forstå, har vi testa dette for dykk. Vi har begge forsøkt å tøye grensa for kor overpynta og kor slapt ein kan kle seg kvar på tilfeldig utvalde forestillinga, henholdsvis på DNS og BIT. Dette sosiale eksperimentet vil vi dele med dykk gjennom tre episodar  dei neste vekene.

Aller først presenterer vi våre hypoteser:

Ingrid: Trur eg blir lagt meir merke til når eg er overdressed, men at eg kjem til å mislike mest å gå underdressed.

Ragnhild: trur definitivt eg er mest ukomfortabel i slaffekleda  - eg har da eit inntrykk å oppretthalde. Gler meg til å få kompliment fordi eg er finare enn alle andre!
<3 oppmerksemd.

Så ein teaser for kva du kan vente dei neste episodane

- Ingrid og Ragnhild