Frontlosjen presenterer: årsprogrammet til DNS
– og kva vi tykkjer om det
1. En Folkefiende
Vi veit! Vi veit! Det er fleirtalet som aldri har rett!
Heldigvis tilhøyrer ikkje vi den gemene hop (vi er ikkje bergensarar).
2. Othello
Dette visste vi jo alt, men vi gler oss like fullt. Shakespearekvota må jo fylles opp, og da kan ein like så godt nytte Stein Winge og Bill Pullman.
Gje oss litt regipåfunn da, versåsnill!
2. Momo, eller kampen om tiden
No er vi i framtida og det er på tide med midtvegsevaluering. Aluminiumsfolie slo kanske ikkje like mykje an som antatt, men tidstjuvane er her i høgste grad. Vi gler oss til å sjå Momo kjempe for leiken og den gode samtalane, men kven er desse grå mennene? Dei hugsar vi ikkje
3. Anne Pedersdotter
Hans Wiers-Jenssen er ein del av dramatikarkanonen anno 2013 har vi forstått (kva vi tykkjer om den får vi kome attende til), og det er jo viktig å tenke lokalt. Dette kan bli spennande: med både folkemusikk og den sagnomsuste scenografen Silje Sandodden Kise på laget.
Lat oss håpe at dei ikkje dett i den store tema-fella, for her blir det visst både sterke kvinner, religion, politikk, erotikk, generasjonsmotsettingar og bergenspatriotisme. Frontlosjen satsar på høg Harry Potter-faktor.
Vingardium Leviosa!
4. Ingenting av meg
Vi er for Arne Lygre. Og Ane Skumsvoll.
5. Leketøys
Vi har ikkje småungar innanfor rekkevidde, men vil veldig gjerne ha ein halv kopp med te kvar. Eller så kan vi kanskje spørje DNS om å lage vaksenversjonen «Leketøs?» i 2016?
6. LilleLAB
Heilt ok at DNS held fram med dette, vi likar konseptet bak LilleLAB. Lavterskel = låg fallhøgde. – vi håpar på å sjå mykje spenstige greier i 2015.
7.Shakespeares samlede verker (lett forkortet)
Kng Hrik VI – Del I, I, I
Richard I
Kong Joh.
K. Richard II
Kong Hnrk IV – Del I, II
Kong Hen. V
Kong H VIII
Tit roncus
Rom og Jul
Juliu æsar
Ello
Kong ear
Mcbeth
Tonius og Kleo
Timn fra Aten
Corianus
To hr fra Verona
Troll kan
Orveklingskomedien
Kjrt besvær forges
En midtsommerdøm
Kjøp Venedig
D lstige konr i Windsr
Stor stå for ting
Dere vil ha det
Helligtre-saften
Troil og Kred
Enden er god, godt
Like like
Per
Cmbln
Stor en
Vintertyr
8. Sånne som oss
Dette visste vi jo òg. Men det er vel berre fint at heile tre produksjonar får si reprise neste år, og Ingrid har jo ikkje sett den enno. Dessutan har vi alltid hatt eit kjærleg forhold til Loddefjord, men det er jo greitt å sleppe å reise ut frå byen for å oppleve det.
9. En julefortelling
Fantastic! OK! Her forventar vi mykje. Både teater- og julestemning, det beste av to verdenar i ein! Tim Carol er nesten som Lewis Caroll og Tim Burton, så vi ønskar oss noko a la Alice in Wonderland her. Dessutan: A Christmas CAROL!
10. Norr
Absence Crew som skal synes oss ei danseforestilling om dei norrønne gudane, så no er det på tide å få oversikt over kven som er kven og kven som gjer kva i midgard, eller åsgard eller var det valhall?
11. Forbrent
Eit av dei mest interessante innslaga på 2015-programmet. Veldig bra at DNS satsar på noko nytt og ukjend på store scene. Dagsaktuell krim er ikkje noko vi vil gå glipp av.
12. Hellemyrsfolket
Nøich? (<3 Bergen) (<3 Oline)
Dersom lista vår blir litt for lite livlig for deg, kan du lese om originallanseringa her.
Topp tre Losjesnacks
1. Forbrent
2. Momo
3. Ingen ting av meg
Kva planleg du å sjå i 2015?
– Ingrid og Ragnhild