Førre veke introduserte vi at vi vil presentere ein serie på fleire episoder, med tematikken: kva skal eg ha på meg når eg skal på teater? I denne episoden presenterer vi: underdressed.
Ingrid: Eg plagast faktisk med å finne noko som er underdressed nok – eg har jo ingen ting i skapet som ikkje er kjole eller skjørt. Finn til slutt den eine joggebuksa eg har og ein grøn hettegenser eg kjøpte med ein ironisk baktanke. Joggeskoene mine finn eg ikkje, så eg tar på meg eit par skateaktive sko eg har hatt dei siste åra. Men eg MÅ jo ha på meg øyredobber, finn det mest kvardagslege paret eg har, ei marihøne i kvart øyre. Men kva skal eg gjere med håret? Jo eg finn ei klype eg berre nyttar innanfor husets fire vegger. Herrejemini, det var jo vanskelegare å finne antrekk denne gongen enn det er til vanleg. Bra at eg ikkje skulle sminke meg, for det hadde eg ikkje fått tid til.

Så går eg ut av huset og føler meg som ein kombinasjon av det er dagen derpå og at eg skal trene (dei einaste gongane eg går offentleg i joggebukse). Plutseleg ser alle så mykje betre ut enn meg, tenkar eg. Men når eg kjem til BIT sine lokaler denne kvelden, møtar eg faktisk folk som har så og seie akkurat samme typen klede som meg, og dei har sikkert ikkje tenkt over at dei har det på seg – det tenkar eg på. Når vi kjem inn i lokalet forestillingar er, får eg sitteplass på golvet, heldigvis har eg komfortable klede på meg, så det går bra, men hadde eg hatt på meg mitt vanlege antrekk, i form av kjole eller skjørt, ja, da hadde eg nok ikkje trivdes så godt på golvet. Ja, det er komfortabelt å gå i dasseklede, men eg føler meg som ein potetsekk, sjølv om ingen legg merke til at faktisk har JOGGEBUKSE på meg.

Ragnhild: Eg vart overraska da det var vanskeleg å velje kva eg skulle ha på meg. Eg hadde jo fleire trashalternativ i klesskapet! Prøvde å unngå eit intrykk at eg nettopp hadde vore på tur eller trening, og gjekk derfor for ein dongeritights med strikk i livet. Toppen eg hadde på vart kjøpt på salg på campus i Hildesheim, 5 euro. Den farga eg kler minst i verda er grå, så valget av hettegenser var lett. Toppa det heile med det eg ser på som det fremste teiknet på slakkeantrekk: bikinioverdel i staden for bh. Elles var joggesko og ullabbar eit must, samt litt maskara under augo.

På veg til teatret skippa eg paraplyen, slik at duskregnet kunne gjere siste finish på outfiten min. Det funka, for å seie det sånn. Og i det eg entra DNS, var dei store, rosa øyreklokkene på plass for å gje eit likegyldig slapt inntrykk. Eg kjende meg uoppdragen. Ein går ikkje på eit institusjonsteater med joggesko og rava allværsjakke, og eg kunne sjå korleis andre tilskodarar såg misnøgde på meg. Men det var sjølvklart ingen som kommenterte det, og det var nesten det verste. Da trur dei at eg er sånn. Men elles var det ganske gøy, litt som å vere på utkledningsfest. Men eg gjer det ikkje om att.

Følg med i neste episode når vi tester den rake motsetninga: overdressed.
1 svar til “What not to wear, del I”
[…] har vi i to episodar vist deg korleis det er å gå både underdressed og overdressed i teatret. No er det dags for ein konklusjon – kva av motpartane var […]