Sjølv om semesteret er godt i gang, og teatergarasjen alt har vist eit par forestillinger, ligg framleis det meste av programmet framfor oss. Og vi har sjølvklart satt oss godt til rette her i Frontlosjen for å ta ein nærmare titt på programmet. For kva er det eigentleg vi gler oss til?
Ambient pop-handarbeid i ein club-aktig setting
Det første er ei forestilling som har fått mykje oppmerksomhet på grunn av ein hekla kroppsdel på 4,2 meter. Den skal vi sjå alt på søndag – hurra! Kompaniet med det fengjande(?) namnet Society for the Promotion of Human Rites iscenesett ein teatervent med det minst(?) like fengjande namnet Grand Opening: Revenge of the Frilly table Ornaments. Ein tittel som festar seg.
Vi gler oss til å sjå på heklekunsten og finne inspirasjon til Ingrids nye hekleprosjekt, og ikkje minst fordi det ser til å bli ein skikkeleg Kultur-Event – med «grenseløst teater, matservering og dans ut i de små timer». <3 Ambiens<3
We <4 Rimini Protokoll
Vi diggar Rimini Protokoll. Heile konseptet er så fantastisk – med ein gjeng teatervitarar som lagar utruleg variert teater ved hjelp av kvardagsekspertar (Experten des Alltags). Korfor ha ein skodespelar som Othello når du kan nytte ein faktisk general i rolla? Og korfor ikkje gjere ein lastebil om til eit publikumsamfi?
Og 22. og 23. mars kjem Bodenprobe Kasachstan til Studio Bergen. Ut frå omtala verkar den ikkje riktig like genial som til dømes Cargo Sofia eller Call Cutta in a Box, men vi gler oss likevel som små ungar.

Ubermerkelsesverdig fengjande?
Gjengen i Nature Theatre of Oklahoma har Ingrid vore vitne til tidlegare, og Ragnhild er litt irritert for at ho ikkje har sett det før, så her gledar vi oss fordi dei er kjende for å levere teater av god kvalitet. Dette er forestillinga vi har mest foreventningar til reint innhaldsmessig. Som det står i programmet: «Life and Times er et portrett av et ubemerkelsesverdig liv, en episk narrativ langs linjene i Prousts På sporet av den tapte tid, et dybdekart over hukommelsen som også tar oss på en undersjøisk reise til nivåer av vår egen glemte historie» – dette er ei beskriving som engasjerer og vekker interesse hjå teatervitere som oss!
Forestillinga går 3. – 5. mai i Logen teater.

Resten kan du lese om i BIT sitt eige sesongprogram, det er sikkert fett nok det òg!
– I & R
1 svar til “Vi har satt oss BITtelitt inn i BIT-våren”
[…] byrjinga av semesteret nemnte vi kva framsyningar vi såg fram til i BIT-våren. Ein av dei, Rimini Protokoll, innfridde så til dei gradar, medan rituelle heklafitter viste seg […]