Kategorier
Livsstil

– Oppfør deg! Å te seg i teatret

Do’s and dont’s i teatret

Teatret er for alle, og passar i alle høve. Men det finst, som elles i samfunnet, visse normer for kva som er greitt å gjere innanfor den ambiente atmosfæra som teaterrommet utgjer. Og som dydig gudbrandsdøl som lett let seg frustrere av urbane uvanar, vil eg gjerne komme med eit lite kurs i oppdraging her på Frontlosjen.

Fyrst ut kjem eit lite utsegn eg er veldig opptatt av: Teatret er ikkje ein kino.
Det vil seie at det ikkje er greitt å…

  • ete popcorn, baconkrisp og anna som lagar mykje lyd. Institusjonsteater har sjeldan surround-lyd
  • komme akkurat ved framsyningsstart – det er inga reklame dei fyrste ti minutta, og trongt mellom seteradane når folk som sitt i midten på død og liv skal gå inn sist
  • sette seg på bakaste rad når det er att plassar langt framme. Ta ansvar – gje aktørane nokon å spele mot! (og så er det mykje betre)
  • fnise og tiske – spesielt i mindre teaterrom. Her vil eg igjen minne om lyden, og ikkje minst at aktørane faktisk ser at du ikkje følgjer med (denne uvanen opplev eg mest blant damer over 40)
  • kline

På ei anna side er det absolutt greitt å…

  • gje god respons. Latter og gisp kan ha ein god effekt på stemninga, og direkte attendemelding hevar spelet. Men alt med måte
  • gå før framsyninga er over. Men berre som ein statement
  • ta seg eit glas i pausen. Frontlosjen er spesielt fan av teater der ein faktisk kan ta med seg glaset inn i frontlosjen (eller salen)

Ei liste med innlysande punkt der, altså. Men fleire har visst godt av å høyre dei, og for at dei moraliserande formaningane mine skal feste seg, kjem eg med ei lita skrekkhistorie frå røynda til slutt:

Sist eg var på teater med nokon som på død og liv måtte slurpe i seg brus på fyrste rad i eit intimt teaterrom, vart vedkommande ufrivillig dratt inn på scenen og måtte gjere heilt meiningslause ting – til si store fortviling.

Vokt eder, tølpere!

-Ragnhild

3 svar til “– Oppfør deg! Å te seg i teatret”

Eg trur eg lo for mykje ein gong. Under førestillinga Svartediket lo eg kvar einaste gong, og heile tida, når karakteren «Masken» var innom. Eg var den einaste som gjorde dette. Eg trur ikkje karakteren skulle vere så fryktelig morosam, men for meg var han hysterisk malplassert og teit. Eg er usikker på kva effekt dette hadde på sjølvbildet til skodespelaren. Neppe positivt. Men eg greier ikkje å skjemmast, til tross for dine formaningar.

HAHA! Jeg er så enig! Jeg blir spesielt irritert over folk som kommer i siste liten, eller som kommer ETTER forestillingen har begynt! Og damer som ler hysterisk høyt. Tro meg, de blir godt lagt merke til bak scenen, og kan ødelegge for de som står på scenen. Pillarguri! <3

Det er stengt for kommentarer.