Kategorier
Livsstil

Mest like godt som sjokolade

Det er ikkje alltid like lett å forstå seg på samtidsdans. Følg frontlosjens 12 råd, så blir du straks klokare.

Samtidsdans. Eit internasjonalt språk som ingen forstår. Eller?

Carte Blanche – Studio Bergen

Frontlosjen har ikkje mykje erfaring med denne typen kulturopplevingar, men etter at vi såg Carte Blanches* Object Constant på Studio Bergen i går, har vi knekt koden. For som han sa, dansaren: ”It’s just like sex, right? Everyone understands it”.

Så her kjem dei, alle grunnane til at samtidsdans tilsvarar samleie:

  1. Ikkje alt er like lett første gong. Øving gjer mester
  2. Ikkje alt fungerer for alle. Likar du ikkje ein ting, vil du mest sannsynleg like noko anna
  3. Etterpåkjensla kan vere like god
  4. “Don’t try to connect all the dots, it’s boring” (replikk)
  5. Høg faktor av sveitte kroppar i rørsle
  6. Eignar seg godt saman med vin
  7. Eignar seg dårleg saman med for mykje vin
  8. Stor sjanse for å sjå naken pupp
  9. “Even small people look sexy when they’re wet” (replikk)
  10. Mykje pusting og stønning
  11. Freistar til gjentaking
  12. Nytes best når alle partar er med frivillig
Ragnhild drikk kaffe før forestilling – viktig prosedyre
leppestiftmerkar på kaffen – like gjeldande som billetten?
Vi øver på å ta bilete av teaterpelsen…
… det var ikkje så lett

*”Norwegian Company for Samtidsdans Fyfaen” (replikk)

– Ingrid og Ragnhild

3 svar til “Mest like godt som sjokolade”

Det er stengt for kommentarer.