Kategorier
Livsstil

Men kva skal eg ha på meg?

Sidan kleskoden på teatret ofte kan vere vanskeleg å forstå, har vi testa dette for dykk.

Før i tida var det vanleg at kvinna satte opp håret ekstra fint og tok på seg høge hælar og at mannen fann fram slipset og glattkjemma håret når ein skulle i teater. Vel, slik er tendensen fortsatt – mange trur nok at pynta fortsatt er kleskoden når ein skal i teatret. I alle høve institusjonsteatret. Men kva skal ein egentleg ha på seg? – ein vil jo verken komme underdressed eller overdressed.

Sidan kleskoden på teatret ofte kan vere vanskeleg å forstå, har vi testa dette for dykk. Vi har begge forsøkt å tøye grensa for kor overpynta og kor slapt ein kan kle seg kvar på tilfeldig utvalde forestillinga, henholdsvis på DNS og BIT. Dette sosiale eksperimentet vil vi dele med dykk gjennom tre episodar  dei neste vekene.

Aller først presenterer vi våre hypoteser:

Ingrid: Trur eg blir lagt meir merke til når eg er overdressed, men at eg kjem til å mislike mest å gå underdressed.

Ragnhild: trur definitivt eg er mest ukomfortabel i slaffekleda  – eg har da eit inntrykk å oppretthalde. Gler meg til å få kompliment fordi eg er finare enn alle andre!
<3 oppmerksemd.

Så ein teaser for kva du kan vente dei neste episodane

– Ingrid og Ragnhild

5 svar til “Men kva skal eg ha på meg?”

Kor stutte kjolar er eigentleg lov? Og når blir «kjolen» til ei litt for lang T-skjorte?

Kjolen er for kort når rumpesprekken syner nedanfra. Eller ein ser mer ein 10% av rumpeballen.

Det er stengt for kommentarer.