I want… marsipangris

Nok kalenderfjas – no er det på tide med meiningsfylte innlegg att.

I desse juletider skulle det vel berre mangle at ein troppar opp i teatret med ein sjokoladedekt gris under armen.

Og her er dommen:

Kor mykje det bråker Plasten lagar relativt mykje lyd, men det var berre å ta den heilt ut av embalasja før framsyninga tok til. Litt klissete dog.
Mengde Ok nok, men litt massivt med alt i ein bit. Ikkje aktuelt å dele med sidemannen.
Pris Toppers
Smak Marsipan er alltid godt.
Korleis det påvirker teateropplevinga Dette er kanskje det snopet som til no har skaffa flest skeive blikk. Og så måtte Ragnhild seie frå seg kristenmannstrua si, og dermed sjansen til å få vaffel frå scena, fordi det vart meir enn nok med grisen. Det var litt trist.
Korleis ein kjenner seg etterpå Litt stappa, får ein seie.
Ingen braksuksess, med andre ord. Men fin å sjå på!
– Ragnhild