Kategorier
Livsstil

Going Solo!

Synast du tanken på å gå aleine på teater verkar skremmande? Du vil skifte meining etter å ha lest dette!

Det å gå på teater er ein sosial setting for mange. Ein tar kanskje eit glas med venene sine før eller etter forestillinga, kjøper billetter saman og skravlar i pausen. Men når ingen andre vil sjå dei sære tinga du vil sjå, skal du da berre sitte heime med netflix og chill fordi du ikkje gidd å gå aleine? Svaret er sjølvsagt nei.

Som teaternerd havnar vi ofte i situasjonar der vi går åleine på forestillinger, og våre empiriske erfaringar tilseier at vegen frå Viggo Vennelaus til er Solo-dronning kort.

Slik blir du konge av ditt eiget selskap!

Hamletkrone-15_

Du slepp å vente på andre. Enkelte folk dukkar aldri opp til avtalt tidspunkt. Du kan med andre ord gjere ting i ditt eiget tempo. Vil du vere i god tid og henge i baren på førehand, kan du det, eller så kan du berre komme fem minutt før om du vil det.

Dessutan treng det ikkje vere heilt a-sosialt å gå alene, det er stor moglegheit for å møte nokon du kjenner. Om du berre utveksler eit par høflege fraser eller ender med å sitte saman i salen og fortsette festen etterpå kjem jo an på kven du treffer.

DSC03347

Du kan sitte kor du vil i salen! Bakerst eller på første rad – det er opp til deg. Ingen andre skal komme med masse meininger som gjer at de aldri blir eininge og ender opp med dei rævva plassene bak ei søyle.

Apropos andres meininger, så er det veldig digg å nyte kunstverket berre på sine eigne premisser, utan at andres oppfatningar skal påverke dine.

Nokre gongar gidd ikkje andre folk å vere med fordi forestillinga er på eit ubeleilig tidspunkt eller utilgjengeleg stad. Går du alene kan du sjå den forestillinga kl. 13 på søndag som ingen andre gidd å vere med på. Eller den forestillinga som visast to forskjellige busser og ein båt til gokk.

Det beste er likevel å nyte i fred og ro, aleinetid er faktisk litt deilig nokre gongar.

ragnhild gjefsen frontlosjen

Og sjølvsagt er ingenting verre enn å gå ufrivillig aleine på teater. I alle fall om det er pause i forestillinga. Kva i alle dager skal ein gjere da? Stå og kope? Vårt kritiske blikk på pausen får du lese ved eit seinare høve.

Er du fortsatt skeptisk til å gå aleine? Vi har tidlegare skrive om korleis du kan få med deg uerfarne vener på teater. No har du inga unnskyldning.

– Ingrid (og Ragnhild)

Legg igjen en kommentar