I ein travel festivalkvardag er det viktig å trekke pusten innimellom slaga. Dette har vi sjølv fått erfare, og det er ikkje alltid tid til å stikke «heimom» dersom ein vil få med seg alt.
I år tek vi affære. Under festivalen bir Badet forvandla til ein deilig lounge kor ein kan lese, pusle med avslappande aktivitetar eller kanskje ta ein høneblund.
Anten du har jobba hardt som frivillig eller berre sett veldig mange framsyningar, er beskjeden klar: Unn deg ein tur innom Frontlosjens avslappande og energigivande oase!
Førebels sikre opningstider:
Torsdag 17:30–19.15
Fredag 10:00–14:45 og 16:15–17:45
Laurdag 16:00–17:45
Søndag 11:30–16:00
Er døra open, er det opent! Vi jobber for utvida opningstider.
Frontloungen er gratis og open for alle (sjå opningstider på døra). Det er berre du kjem!
– Ragnhild og Ingrid
// mjøling av andre si kake // frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler