Vi er fire månadar inn i 2015 og det er på tide med ein statussjekk:
korleis går det med nyttårsforsetta våre?
Ingrid
Ingrid fyrst. Vi startar med ein liten repetisjon av hennes ambisjon:
Forsett: Eg skal sjølvklart sjå alle produksjonane på Den Nationale Scene i 2015. Det har eg aldri vore i nærleiken av til no, så de burde bli imponerte. Dette inkluderer ikkje gjestespel eller eingangsforestillinger, viss ikkje bryt eg forsettet allereie i januar. Legeærklæring (godkjent av Ragnhild) gjeld som gyldig fråvær.
Status per 1. mai: Enn så lenge har eg gått glipp av berre ei av «over engen»-forestillingene, sjølv om det er berre one night only. For dei er dei artigaste på teatret. Heilt tilfeldig jobbar eg jo på billettkontoret på DNS så det ligg visse føringar i å sjå forestillingar i jobben, også er tilgangen på billettar ganske god. Eg gler meg til festspela, da kjem det mange kule forestillinger på DNS. Eg trur eg høyner innsatsen og får kravet til å gjelde «gjestespel, men ikkje eingangsforestillinger». Dette er enkelt!
(eventuell) straff: Dersom eg sprekk må eg nesten gjere opp for meg og invitere Agnete Haaland på piknik utanfor teateret. Dersom ho seier nei blir det likevel gjennomført med full pakke på strategisk tidspunkt.
Ragnhild
Forsett: I år skal eg sjå 65 framsyningar. Det høyres kanskje ikkje så mykje ut, men det er det. Som regel ser eg rundt 50 eller litt meir, men da har eg alt strukke meg ganske langt både økonomisk, tidsmessig og ikkje minst gidde-messig. Og så har det alt å seie om eg har høve til å reise på festival eller ikkje. Det lille ekstra kan bli ein kamp, men eg er klar for utfordringa!
Status per 1. mai: Haha. eg hadde gløymt at eg skulle sjå 65 framsyningar, eg har gått rundt og trudd at det ar 60 ei stund no. Da ligg eg ikkje riktig så godt an i løypa som eg trudde. Til no har eg sett 21.
Eg skal nok klare det, men det faktum at jobben min forhindrar med å sjå noko under Festspillene i Bergen blir ei utfordring. Men men. I can do it!
(eventuell) straff: Kle meg ut som mann på X antal framsyningar i 2016. Det må vere eit merkbart antrekk (med bart/skjegg) og det må vere på rad slik at eg ikkje kan velge kvar det passar best.
X= det talet på framsyningar eg mangla for å nå målet.
Trur du at vi klarar å gjennomføre?
– Ingrid og Ragnhild