Kategorier
Livsstil

10 ting jeg hater ved deg

Ikkje alt med teater er like bra.

Sjølv om det er teater vi likar best, seier vi ikkje nei takk til film heller. Ein av favorittane er definitivt «10 things I hate about you» (tett fulgt opp av «Bare Bea» og «Mean girls»). Den opplagte grunnen til at vi likar den filmen er sjølvsagt Heath Ledger. Den andre opplagte grunnen er fordi handlinga er ganske tydeleg fritt etter eitt Shakespeare-stykke – du kan jo prøve å gjette kva for eitt. Med filmtittelen i bakhovudet slo ein tanke meg: kva er det med teater eg hatar?

Kjærleik <3

Her er ei liste (i meir eller mindre tilfeldig rekkefølge):

  1. Bergensreferansar.
    • I og med at eg bur i Bergen er det naturleg at eg ser masse teater her. Men kva er det med bergenske teater å på død og liv stappe inn ein haug med bergensreferansar – til plassar og personar i tide og aller helst utide? Og flire høgt og påtatt av det.
  2. Andre balkong.
    • Det seier jo seg sjølv: Ein ser ikkje noko.
  3. «Har de sett reven?» «Jaaaaa, han gikk den vegen!» «OK, da går eg den andre vegen».
    • Bryte fiksjonskontrakten. Til og med ungar gjennomskuer dette.
  4. Umotivert nakenhet.
    • Kan hende det har noko med at det alltid er noko med meg som blir litt ille berørt når eg ser ein naken menneskekropp på scena, sjølv om det er noko av det mest naturlege i heile verda. Men eg treng ikkje nakenhet for ein kvar pris!
  5. Ting på scena som ikkje har noko nytte.
    • Eg sett dette kjøleskapet på scena, men vi nyttar det ikkje til noko og det har heller ikkje noko med forestillinga å gjere.
  6. Egotripp – sjølvsentrerte skodespelarar.
    • Se på meg dååååå! Eg er meir fan av ensemblespel med andre ord.
  7. Undervurdering av publikum.
    • Eg er ikkje dum.
  8. Aktørar som ikkje trur på det dei held på med.
    • Da trur ikkje eg heller på det.
  9. Frekke gamle damar som pressar seg forbi deg i unumrerte amfi.
    • Bergenserar er vel ikkje videre kjent for god køkultur?
  10. Teater det ikkje er lov å ha med drikke inn i salen.
    • Akkurat som samtidsdans, nytast teater best med eit glas eller to.
Vin i salen er ikkje lov på studio Bergen
Kvifor skal det vere så himla artig at alle byoriginalar kjem frå Knøsesmauet? (foto: DNS)
Er det rart vi ikkje likar andre balkong? Særleg når store deler av handlinga er satt til daudsoner. Slik som ei forestilling vi såg på Berliner Ensemle for nokre år sidan.

– Ingrid