Kategorier
Lengre tekstar Meiningar

Pakk meg inn!

Vi har lagt merke til ein spesiell trend i år.

Det er sommar, alt for varmt (neida. joda.), og sjølv frontlosjehjernar ligg som slakt i solsteiken. Men august nærmar seg stormskritt, og med den kjem ein ny teatersesong – jippi! Vi har alt byrja glede oss, og for å førebue meg mentalt på hausten, tenkte eg å gjere meg opp nokre tankar om teateråret så langt. Kva er tendensen? Har det vore spennande, finn eg eit mønster?

Det tar ikkje lange stunda før det slår meg at noko har gått att mistenkeleg mange gongar i vår. Trendalert:

2014 er året der alt skal pakkast inn. Om dette er ein variant av det hendige sceneromskiftet a la det kosmiske rom, berre på eit meir avgrensa plan, eller om det stikk langt djupare veit vi ikkje enno. Men like fullt: folk – og av og til ting – skal skjulast i løpet av ei framsyning, og ikkje berre bak ein vegg.

For min del starta det i stor stil med How hard can it be? på teatergarasjen i vinter. Framsyninga går frå nakenheit til ein person dekka i ein haug av alle klede tenkeleg. Like etter kom Sexe symbol, som gjer omlag det stikk motsette: Der det hele startar med ein menneskleg kleskokong, får vi sjå rett mykje skinke etter kvart. Dette er rett nok ikkje nok til å stadfeste ein trend i seg sjølv, men det er vanskeleg å ikkje merke seg fenomenet alt no.

Utover våren har det fortsatt i små drypp, og i overraskande mange framsyningar. Answering Answering-Machines pakkar inn ein aktør i eit stort raudt stykke stoff medan han pratar i ein mikrofon. Hamletmaskinen sluttar med eit nydeleg tablå der ei Ofelia i oppløysing pakkast inn i sitt eiget skjørt og endar opp som ein stor kokong hengande frå taket. Store kvite klumpar som heng ned frå taket finn vi så att når NONcompany gjesta Cornerteateret med KAZAK:kazak, men denne gongen var det rett nok juletre. Sidan har eg sett både She She Pop og mødrane deira tulle seg inn i store teppe, og dansarar krype ut av sitt eiget kjolestoff under Dans. Et sted 2014 – Underground.

Lista byrjar å bli lang. Men kva kan så denne trangen til å pakke inn folk skyldes? Er det ein slags strutsetaktikk, der aktørane bevisst eller ubevisst rømmer frå ei grusam verd? Eller er det kokongen/puppa som er inspirasjonen og kjernen; vitnar dette om at det kjem ein rebirth, at scenekunsten er på veg over i eit nytt stadium att? Var ganske enkelt Ingri Fiksdal ein enorm trendsettar med si framsyning Band? Moglegheitene er mange.

Kva er din teori, kjære lesar?

20140209-134951.jpgMåtte jo teste ut korleis det kjennes å ha så mange klede oppå seg (How hard can it be?). Litt varmt.

Sexe symbole.


Talking Timber – Answering Answering-Machines

fru_hlingsopfer_0644_300She She Pop und Ihre Muttern tok den leikne varianten.

dans. et sted 2014 - underground-Av Christine Weber. Foto:Malte Kebbel
Underground av Christine Weber. Dans. Et sted 2014. Foto: Malte Kebbel

 

– Ragnhild