Eg har i grunnen alltid vore glad i kunst, og særleg biletekunst. Men eg må innrømme at eg vart veldig skuffa første gongen eg såg Mona Lisa live – «var det ikkje meir enn dette», tenkte eg. Og slik har det fortsatt mange gongar når eg er på kunstutstillingar eller museum – ja bileta er fine og alt slikt, men det gir meg ofte ikkje meir enn det.
Eg følar bileta må engasjere meir enn at dei er fine i seg sjølv eller at det er ein skjebnesvanger historie bak den unge kvinna som er portrettert. Gjennom fleire dannelsesreiar til store Europeiske byar har eg endeleg funne kunstverk som og handlar om den kunsten eg likar aller best – (naturleg nok) teatret.
Dagens tema er biletekunstnarar som laga teaterplakater. Kven har vel ikkje vore på ferie i Paris og kjøpt med seg ein souvernir med eitt bilete av ei svart katt, ein mann med eitt raudt skjerf eller såpe/champagne-reklamer. Alle desse bileta er frå tre kunstnarar frå La belle époque i Paris. Eg presenterer dei i kronologisk rekkefølge.
Théophile Alexandre Steinlen (1859 – 1923)
Han er kanskje den minst kjende av desse tre kunstnarane, men han har kanskje laga det mest kjende bilete av dei alle: den svarte katta frå kabareten i Paris med same namn. Eg må vel innrømme at eg ikkje kjennar til verka til Steinlen utover dette, men Chat Noir veit eg desto meir om. Visste du at det er heilt tilfeldig at kabareten fekk dette namnet? Grunnleggaren, Rodolphe Salis, trengte eitt namn og såg ei svart katt på gata og tenkte at det var passande – ikkje meir avansert enn som så!
Alfons Mucha (1860-1939), kom frå Tjekkia, men flytta til Paris for å slå gjennom som kunstnar.
Dette er nok min favoritt av desse tre. Mest fordi eg er veldig glad i art nouveau, men og fordi han er den eg meiner er teknisk best på å male bileter. Kontrasten mellom pastellar og mjuke linjar blanda med mørke kontrurar gir det noko unikt og lille ekstra.
Mucha er kanskje mest kjent for sine reklameplakatar for såpe og champagne, og sine grasiøse kvinne-portrett. Men han var ein viktig del av karriera til ein av dei største stjernane som nokon gong har stått på ein fransk scene, Mme Sarah Bernhardt. Mucha var så og seie fast plakatteiknar for denne store stjerna. Sjølv såg Mucha på dette som ein periode i livet kor han skulle etablere seg som kunstnar og tene pengar ved å lage reklameplakatar, før sine ordentlege kunstnarambisjonar. Men reklameplakatane på denne tida kan jo reknast som kunst i forhold til mykje av det vi ser i dag!
Henri Mari Raymond de Toulouse-Lautrec (1854-1901)
Eg må innrømme det, eg blir ikkje utan vidare imponert over Tolouse-Lautrec sine bilete, mange av dei er reine skissar eller kladdar å rekne samanlikna med andre store kunstnarar. Men likevel har han ein strek som evnar å fatte augneblinken. Og det var nettopp det som gjorde denne lille herren kjent; hans portrettering av det som foregikk etter teppefall. I tillegg til plakatar for verdas kanskje mest kjente raude mølle.
Her ser de meg etter å ha vore på utstilling til Tolouse-Lautrec i København i fjor haust – tilfredsstilt teaternerd.
– Ingrid
5 svar til “Leksjon i kunsthistorie”
Åh, det finst då framleis fantastisk plakatkunst. Ta til dømes Tyler Stout eller Olly Moss!
ja, sjølvsagt, eg meiner jo ikkje at det finnast plakatkunst i dag, men eg synast likevel desse har noko ekstra over seg.
Absolutt! Men eg trur neppe at all plakatkunst på den tida var så høgverdig som dette, det meste var nok minst like crap som dagens gjennomsnitt.
Og det er vel derfor ein hugsar akkurat desse plakatane!
På same måte som at «all musikk var betre før». NEI, for faen, det er berre at me stort sett har gløymd all den forferdeleg dårlege musikken som vert laga.