Hundeskrekken min skulle settast på prøve. Det er ikkje kvar dag eg intervjuar ein hund, i alle fall som eg bør like. Det er jo trass alt bastarden over alle bastardar. Men damene hjå Avant Garden var snille og viste meg nødutgangane tilfelle vi ikkje skulle bli gode venar.
ASL? Spør eg. Det er tydeleg at vi har levd på same nittitals chatteplanet, bastarden svarar kort og konsist. – 13. Olav Trygvasonsgate 15 (Trondheim). Eg motsett meg dikotomisk kjønnskategorisering.
Det siste er svaret på L’en, og eg berre, jaja OTTAR ro ned no. Eg merkar meg det kan ta litt tid før eg blir hundens beste ven.

Eg prøvar å spore samtalen inn på det vi har til felles, teater. Kva er ditt første minne med teatret spør eg forsiktig. – Eg er ein teaterinstitusjon i meg sjølv, det ligg i genane mine.
Jasså? Kva type teater likar du best da? – Word. Eg likar det som er bad an barking. Voff voff lizzm.
Og kva er den beste opplevinga du har hatt med teatret? – Eg har på kjensla at det kjem til å skje mellom 7. og 15. september, eg spelar hovudrolla skjønar du.
Så det vil seie du har hatt ein god del dårlege teateropplevingar opp gjennom åra? – Ja, teater er som regel ganske dølt når eg ikkje står på scena sjølv.

Men når det ikkje handlar om teater, kva driv du på med da? – Eg besøker ofte drømmedama mi, Sigrid Ekran, du veit, Sigrid frå www.teamsigridekran.no? Nei du kjennar ikkje ho? Elles heng eg mykje i Kattveita da, min favorittstad i Trondheim.
Kan eg spørje deg om noko personleg, seier eg. – Jaja, kjør på, vi bastardar likar å gi av oss sjølve.
Kva gjer deg lykkeleg? – Å det er så mykje at eg ikkje heilt veit kor eg skal starte ein gong. Brente bøker, flygande ballongar, nissedrakt, super 8-filmar, grisemaskar, verdas undergang, intellektuelt tåkeprat, samleband, Hedda-pris, det litt for private, kvist i pelsen, svarte eple og kvalitetsreformen, svarar bastarden i eitt pust. Endeleg kjennar eg at vi er på bølgelengde, eg hadde sikkert svart minst like mykje på det spørsmålet sjølv – i tillegg til napoleonskake. Bastarden nikkar erkjennande.

Men du, eitt siste spørsmål: Korleis har du tenkt at Bastard skal ta over verda? – «Det e ænkelt». Med telegrafstolpar, sjølvsagt.
Akkurat ja, tenkar eg, kanskje vi ikkje er heilt på same planet likevel. Eg satsar på at vi får god tid til å bli betre vener under festivalen 7. – 15. september.

