Etter nøye planlegging og gjennomtenking har vi omsider funne ut kva nyttårsforsetta med stor N skal vere dette året. For å sikre stor gjennomføringsemne har vi valgt noko som er etterprøvbart og kan følgjast opp – sjølvklart med passande straff og offentleg uthenging dersom vi ikkje får det til.
Ragnhild
Forsett: I år skal eg sjå 65 framsyningar. Det høyres kanskje ikkje så mykje ut, men det er det. Som regel ser eg rundt 50 eller litt meir, men da har eg alt strukke meg ganske langt både økonomisk, tidsmessig og ikkje minst gidde-messig. Og så har det alt å seie om eg har høve til å reise på festival eller ikkje. Det lille ekstra kan bli ein kamp, men eg er klar for utfordringa!
Straff: Kle meg ut som mann på X antal framsyningar i 2016. Det må vere eit merkbart antrekk (med bart/skjegg) og det må vere på rad slik at eg ikkje kan velge kvar det passar best.
X= det antal framsyningar eg mangla for å nå målet.
Ingrid
Forsett: Eg skal sjølvklart sjå alle produksjonane på Den Nationale Scene i 2015. Det har eg aldri vore i nærleiken av til no, så de burde bli imponerte. Dette inkluderer ikkje gjestespel eller eingangsforestillinger, viss ikkje bryt eg forsettet allereie i januar. Legeærklæring (godkjent av Ragnhild) gjeld som gyldig fråvær.
Straff: Dersom eg sprekk må eg nesten gjere opp for meg og invitere Agnete Haaland på piknik utanfor teateret. Dersom ho seier nei blir det likevel gjennomført med full pakke på strategist tidspunkt.
Godt nyttår! Let the games begin.
– Ingrid og Ragnhild