Kategorier
Kvardagsglimt

Tillykke med dagen!

Frontlosjen fyllar eitt år!

Den 13. februar 2012 var ein merkedag. Da hadde Frontlosjen sin fødselsdag og vi publiserte det første innlegget. Lite visste vi om eventyret vi hadde begitt oss ut på. Kven skulle tru at det var så mykje å rosablogge om teater? Slik var vårt første leveår:

Noko det første vi viste dykk var ein stad i Bergen som vi likar godt, og ikkje berre utelukkande på grunn av namnet. Vi burde henge oftare på Henrik øl og vinstove. Etterkvart hang vi oss sjølvsagt på kule internettrendar og viste dykk kva ein eigentleg gjer som teatervitersstudent.

Vår fyrste kulturelle oppleving som frontlosje, var faktisk av den musikalske sorten: storutflukt til Oseana kulturhus og ein aften med Kurt Weill. Og sidan kasta vi oss på ei hovudstadsframsyning – Bergen by måtte faktisk vente med si omtale svart på rosa til vi såg Object constante (og det var dans!). Til gjengjeld gjorde vi da vår fyrste felles teaterpose.

Vi starta med andre ord tidleg å posere foran spegelen med teaterpelsen vår. Gode rosabloggarar tek jo alltid bilete av seg i spegelen. Vi øvde og på merkelege poseringar på premierefestar. Har vi blitt noko betre på det? tja…

Ragnhild reiste til hovudstaden og tok med seg eitt trendplagg heim, den lille gjennomsiktige. Vi prøvde oss òg på trenden bart da vi var på revyvisning. Vi held oss til pelsen vår trur vi.

Eit av vårens største høgdepunkt kom 22. mars, med sjølvaste Rimini Protokoll. Like etter fekk vi vår fyrste faktiske pressebillett, og såg Dyrehagen Hardanger. Det kjendes rart og litt kult.

Den yngste av oss vart etterkvart dame (25 år). Dette feira vi på ambient vis. Da påskeferien kom skulka vi frå masterinnspurten og følte oss som fjortisar att. Tivoli er nesten teater. Eller?Trangt - men verdt det!

Den store kleskodetesten gikk av stabelen denne våren. Ragnhild vart rett skuffa når ho ikkje fekk nytte dei fine lilla skoa sine på BIT-forestilling. Sånn apropos skuffing, vi viste dykk at det er ikkje alltid vi likar det vi ser på scena. Reint sjokka vart vi, og det vart kanskje folk over omtala òg. Not so happy achully.

Immaturus sviktar aldri og seinare på våren hedra vi oss sjølv med medaljar, sprudlevatn og finkjolar. Vi hadde begynt å få ein eigen fanclub, og dei hang rundt oss som små plagsomme barnehageungar.

Det var fleire høgdepunkt på studentkulturhuset Kvarteret denne våren. Ryktane skal ha det til at teatersjefen fortsatt har synlege merker etter ein heftig aftan med gelebryting. Seinare flytta vi til bakgården, og som populære rosabloggarar vi er, solgte vi utvalde ambiente produkt som sett på bloggen tidlegare. Vi lærte at VAFLER er kjelden til eitkvart vellykka arrangement.

På tradisjonelt vis inntok festspela Bergen og En midtsommernattsdrøm vart raskt ein av favorittforestillingane det første året. Vi prøvde òg å ete godteri på teater, med meir eller mindre hell.

Den yngste av oss flytta til ny by over sommaren, og prøvde å bli kjend med teaterbyen Trondheim. Ragnhild prøvde straks å finne ei erstatting. Ho var fortsatt trufast publikum hjå BIT, og med suppeservering sviktar vi aldri. Frontlosjen <3 mat.

Teaterhausten var heller ikkje så verst, og vi mimrar attende til Schrödinger-katten, hardt festivalliv og historietimar med vaflar og pest.

I Trondheim var Ingrid med på teaterfestival og prøvde å komme over hundeskrekken. Ho prøvde òg å skjøne konseptet Kunst-i-kit. Denne gongen med eitt såpestykke og finare byfrue.

Ein av dei største hendingane i vårt fyrste leveår måtte sjølvsagt vere Oktoberdans, kor Frontlosjen debuterte live: vi prøvde oss på TREKANT heile tre gongar. Vi serverte sjokomjølk, fekk testa den skrale engelsken vår og mingla med spreke dansarar. I mellom slaga tok vi ein kvil hjå Happy Gorilla Powenapshop og matcha kultureliten i Bergen.

Plutseleg gikk hausten og vi feira oss sjølv med julebord. Alle involverte, både bloggarane, IT-ansvarleg og fotografen tok på seg finstasen ein aftan i desember og skålte over godt overskudd, rikelig med kontaktar (?) og at vi endeleg hadde blitt teatervitarar på ordentleg, begge to.

Vi gikk inn i eitt nytt år og hadde verkeleg begynt å gå på eigne bein. Aldri hadde så mange folk besøkt oss som den dagen Ingrid viste hud på internett. Ragnhild stakkar, er for gammal til å nytte seg sjølv som objekt, men fekk sjå mørketid som plaster på såret.

Peace out med eitt bilete frå Sesongslippet til BIT, kor vi presenterte vårprogrammet med selskapsleiker og veganvenleg sjokolade. Vi satsar vel på eitt år til?

Kva har vore ditt favoritt-frontlosjeaugenblink det første året?

– Ingrid og Ragnhild

3 svar til “Tillykke med dagen!”

Det er stengt for kommentarer.