Kategorier
Kvardagsglimt Livsstil

Teater vs. konsert 1-0

Kvifor teater er best!

Førre helg var eg på konsert. På det eg vil beskrive som ein rockekonsert. Det var masse folk der, og følget mitt var ganske så hyggeleg òg. Dei hadde gleda seg til denne konserten lenge, eg berre var med. Slike konsertar er ikkje nok eg oppsøker særleg ofte, og eg har endeleg fått bekrefra kvifor og at det er i teatret eg høyrar heime.

Ei teaterforestilling og ein konsert er i grunnen ganske likt. Nokon er i salen og ser på dei som står på scena, medan dei på scena speler noko for dei som ser på. Men samstundes så forskjellig.

DSC_0133 (3)– Hjelp eg må på konsert!

Skal ein på konsert må ein stå lenge i kø først, gjerne utandørs. Så er det lang kø for å henge fra seg jakka, som ein i tillegg må betale for. Så skal ein gjerne kjøpe seg ein øl, noko eg i utgangspunktet ikkje har noko i mot, men det er lang kø i baren òg. Når ein endeleg er ferdig med å stå i kø og kjem seg framfor scena har alle som er over 1.90 stilt seg foran deg og ein ser ikkje særleg mykje (og eg er av dei som er over gjennomsnittet høg, stakkars dei som er 1.50 lange). Dessutan må ein stå som sild i tønne og det er frykteleg varmt. Folk hoier og hopper inni deg, og ingen har kontroll på ølen sin. Faren for å få seg ein øldusj er stor, eg har høyrt at øl er bra for håret så nokre fordelar har det jo.

DSC_0117 (3)– Høg fyr som dekker over scena med mobilen

Når bandet starter å spele høyrer ein ikkje særleg bra, fordi lyden blir ein graut av publikum som roper og bandet sin lyd smeltar ikkje særleg bra i rommet. Og ein tenkar at det hadde vore betre å sitte heime med ølen trygt i handa og høre musikken på plate i staden, for sjølve musikken har eg ikkje noko i mot. Ein ser heller ikkje noko særleg bra pga alt for mykje røyk og strobelys, og sjølvsagt pga han framfor deg på 1.90.

Dessutan er det det same kvar gong. Eit band spelar eit knippe songer og publikum vil ha meir, så da speler dei eit planlagt ekstranummer. Så er konserten ferdig og folk er fulle og ein er svett.

DSC_0137 (3)– Rølpete publikum

Derfor går eg heller på teatret. Der er det som regel ikkje kø for å komme inn og ein kan henge frå seg jakka gratis og utan kø (rett nok på eiget ansvar). Det går an å kjøpe drikke før det startar, men denne får ein som regel ikkje ta med inn i salen, fordelen med det er at ein ikkje får øldusjar. Også har ein som regel eit eget sete å sitte på, og det gjer ikkje noko om han foran deg er alt for høg, for han sitt på eit eget sete han og. Det er ingen som dyttar og ein blir ikkje meir svett og ekkel etterpå (som regel).

Dessutan er det ikkje det same kvar gong. Ein veit aldri kva ein går til. Det kan like greit vere eit historisk drama, ei kiste med forteljarmagi eller nokon som ber deg om å lage eit spøkelsestog.

– Ingrid

PS! Sjølv om det er akseptabelt å ta bileter på konsert, så betyr ikkje det at dei blir noko bra. Point proven above.