Takk for alt, Linda.
Takk for vaflane. Med brunost!
Takk for pilegrimsreisane og
… that’s it?
Vaflar er tidlaust, med eller utan bismak av Linda. Det fungerer til alt! Som til dømes når ein skal markere overgangen frå ein kulturminister til ein annan. Sjølvklart må ein ha svart (!) kaffi i krus attåt. Krus er ein veldig viktig del av kulturarven vår.
No skal Trine ta over. Lurar på korleis speldebatten blir til sommaren? Er Spelet om Heilag Olav desentralisert nok, eller blir det flytta til Ytterøya neste år?
Kåra for oss kulturarbeidarar går òg nye tider i møte. Får vi livsgrunnlag? Vi tipper støtta for kulturgründarane blir veldig god så snart Trine får regulert bestanden til eit forvarleg kunstnartal per innbyggar i kommunen. Resten av oss får søke ly i Sverige.
Det store spørsmålet er kva vi skal bruke som lokkemiddel for å få kulturministeren til å komme på Frontlosjefestivalen den 22.-24. februar no når vafler er ut? Vi gjer eit ærleg forsøk:
Trine, vi er kulturgründarar frå bygda! Kom på gründerfestivalen vår. Utanfor Oslo. Plis.
Vaffelkonsumering med nips av høg kulturell verdi og folkeleg fleecejakke i bakgrunnen. Vi tillét oss å køyre både raudost og syltetøy.
Det er typisk norsk å like fantasy og alvar og slikt. Vi er ikkje eit unnatak, og dyrkar tradisjonene.
Skeptiske eller ved godt mot?
– Ingrid og Ragnhild