No som vi sitt her på julekvelden er det litt vanskeleg å tenke seg, men i år sleit vi litt med å få ordentleleg julestemning i adventstida. Vi klarte liksom ikkje slappe heilt av, finne oss sjølve og det rette anden.
Derfor gjorde vi det ein kvar gjer når ein manglar julestemning i Bergen: vi reiste til Os.
Vi hadde høyrt rykte om at det finnes eit slags studio her. Eit rom kvar ein kan utfalde seg kreativt medan ein ser på pepperkakeutstillinga i vindauget. Eit studio på gateplan. Fulle av optimisme sette vi oss på buss 600 ein tysdagsmorgon i desember. Vi rekna med å kunne finne fram til Studio gateplan heilt på eigahand, og gleda oss til ei lita oppdagingsferd i Osøyro.
Her er Ingrid vel framme og avbilda framfor ein av Os’ store landemerke.
Men kva kan studioet vere? Det var noko med pepperkakar, kan desse boksane vere eit hint?
Dette kan bli vanskeleg, det er visst fleire tome butikklokale på bakkeplan her i Os.
Vi måtte ta ei lita pause for å gå rundt juletreet. Stemninga snik seg alt litt på!
Men. Kva er dette? Skimtar vi eit forsøk på ei pepparkakegrend? Javisst!
Vel innanfor fann vi Lisa Nøttseter, som ofte nyttar seg av Studio gateplan på dagtid. Ho er dansar, og er – oss kjend – den som fann opp og sette i live konseptet med å skape liv i sentrum ved å ha studio for open gate. Denne adventstysdagen hadde ho òg kaffi og pepparkaker.
No for tida er Lisa her ein gong i veka og jobbar med ulike prosjekt, og verkar ikkje bli distrahert av alt som finn stad utanfor dei store butikkvindauga.
– Eg vil bli distrahert av det som foregår utanfor – det er ein del av oppgåven, seier Lisa. Typisk samtidsdansar, tenkjer vi.
Lokalet ligg vegg i vegg med ein garnbutikk eller noko, og tidlegare har det skjedd litt forskjellig her. Det ha vore platebutikk, kafe og rammebutikk. Akkurat no er det pepperkkeutstilling og dårleg sikt, men det stoppar ikkje opp for kreativiteten.
– Når eg improviserer startar eg berre med meg sjølv og det eg har, fortel Lisa. Vi høyrde nøye etter for å få mest mogleg ut av studioopphaldet. Sjølv om vi var ganske uredde, måtte vi sette på litt julemusikk for å kunne sleppe oss heilt laus. Utan musikk vart det for vanskeleg.
Julemusikken gav etter kvart stor inspirasjon og no har vi funne essensen av jula: lettare massepanikk. fin musikk.
(det verka mykje klokare da vi improviserte det)
Etterpå gjorde vi vårt beste for å forsvinne frå heile julestria, men det var visst ikkje så enkelt. Vi vart slitne i staden og fann ut at det berre er å omfamne heile høgtida som best vi kan.
Tusen takk for at vi fekk kome på besøk, Lisa!
Og til alle våre lesarar der ute: ikkje gløym å ta ei improvisasjonsøkt mellom ribbe/pinnekjøt/anna og gåveoppakking, det kjem til å vere sååå verdt det!
GOD JUL
– Ragnhild og Ingrid