Førre veke såg eg Joss Whedons Much Ado About Nothing. På kino.
Og eg tenker på den enno, mann for ein film! Den var berre så utruleg koseleg. Og artig.
I tillegg til at Shakespeares Stor ståhei for ingen ting er ei gjennomgåande søt historie ein støtt blir glad av å sjå, er det ekstra stas å få presentert ein gjeng flinke og velkjende fjes på skjermen – slik det er med alt Whedon lagar. Eg vil ha meir av dette!
Eg vart litt for uktitisk betatt til at eg klarar å kome med ei kvalifisert filmmelding her – plothol og skodespelarprestasjonar kan de leite etter sjølve. Derfor kjem eg heller med ei fårete oppmoding: skaff dykk dvd’en! Versjonen frå nittitalet vi alle har vore så glade i blir no degradert til nederste hylle. Sorry Emma Thompson, det er ein ny sheriff i byen.
Og til de som lurar på om bassengscena er like bra som den gir inntrykk av på plakaten: ja.
– Ragnhild
4 svar til “Storarta ståhei”
MEN, MEN! Eg skulle gjerne ha likt å vite kva du likte med den, kvifor den er bra. Det er lov til å vere ukritisk betatt, så lenge du skildrar kvifor du er ukritisk betatt.
Du får sjå filmen sjølv og skrive ein betre kritikk sjølv (vi tar gjerne i mot gjesteinnlegg).
Eg skal skrive ei skildring for… nokon andre… de får kome innom og seie om de er nøgde då.
Da kan du ikkje klage!