Kategorier
Kvardagsglimt

Spelkjærleik

Ragnhild er ikkje den einaste i Noreg som har sansen for utandørsspel.

Eg innrømmer det: eg er ei speljente. Ikkje i den forstand at eg reiser landet rundt for å få med meg både isfolk og heilage menn, men fordi eg lenge var ein ivrig amatør og ikkje minst: observatør. Eg har rett nok  berre vore med på fire ulike spel – Romund og kongen, Kransen, Sinclairspelet og Peer Gynt. Det fyrste hugsar eg ikkje så mykje av, anna enn at eg fekk kjøtsår på føtene av å leike lam. Sinclair vil eg helst ikkje hugse – korfor skal eg kome attende til sidan. Peer Gynt var eg berre innom ein sesong – nr. 13 – og da regna det heile tida. Men det å spele troll i Dovregubbens hall var stas – særleg med tanke på publikumsresponsen. Ja, og så har eg sett spelet ved Gålå-vatnet eit utal gongar – med tre ulike Peer.

Men det er Kristinspelet på Sel som har vore mitt verkelege spel, og utgjort brorparten av sommarferien om lag sju sesongar. Eg starta som Ulvhild, og etter kvart som åra gjekk og jenta vakt, vart eg både hore og nonne. Etter at tida som aktør var over, var eg faktisk innom eit par sesongar som journalist for lokalavisa.

Minna frå seine sommarkveldar med regn og mygg forsvinn aldri – og heller ikkje dei stive nynorske replikkane som vart nytta dei fyrste åra (”Far, far! Gjev meg i kloster, far!”). Ikkje minst lærte eg å køyre bil etter baksidevegen på veg til øving, med Kransen-soundtracket på full guffe slik at ein kunne lage andrestemme til Blomen fell utan at nokon høyrte kor falskt det vart.

Utsnitt frå eit kort eg fekk av dei som var «valdtektsmennene» mine det året. Kanskje like greitt at den tida er forbi…

 

Den tida er over no – og her sitt eg i Bergen og kjenner på om eg gidd ta turen til Gamle Bergen og Kaptein Knurr (eg er jo støtt på jobb). Men eit lite innlegg fortener uansett utandørsspela – for sjølv om Frontlosjen ligg lågt på radaren for tida, skal ingen påstå at det er mangel på gode kulturtilbod medan institusjonane ferierer! Til dømes Kristin Lavransdatterspelet, om nokon forvillar seg til mine heimtraktar i perioden 7-11.august.

Full speloversikt finn du på spelhandboka.no – eit kjekt tiltak.

Videoar frå Jørundgard, Kristin sin heimstad. Kva tykkjer de, kjære lesarar?

Framleis god spelsommar,

– Ragnhild

2 svar til “Spelkjærleik”

Var på mitt første spel i fjor sommer, «Håkon den Gode» på Seim. Fint spel, dårlig vær. Fikk nå hvertfall noe å snakke om på munlig den julen;-)

Det er stengt for kommentarer.