I likskap med veldig mange andre følgjer Frontlosjen spent med på utviklinga i den såkalla Sentralbad-saken. Da det dukka opp eit illustrasjons-spel i BT søndag sto det klart for oss: vi skal klare å vinne til oss Sentralbadet, om enn berre med terningar på lunsjrommet.
Sidan det ikkje fulgte med spelbrikkar i avisa gjekk vi for sjølvvalgte brikkar i kjent stigespelstil. Reglane virka ganske rett fram, så her var det berre å sette igang.
Spelet starta bra med mykje som hendte: ekstra kast, to steg fram, klatring opp og ned stigen.
Snart nok var det lite som skjedde, vil landa berre på eventlause felt. Det var med andre ord fleire langdryge periodar der det skjedde lite utviking.
Men så: grøn brikke landar på eit felt med skrift, vi kan trekke eit spørsmålskort! Men det er jo ingen kort, ikkje andre stader i avisa heller. Ullent. Er det slik i røynda òg?
Vegen til mål syner seg å ikkje vere så lang. Men kvar gong det er like før utsett Dag Skansen salet på ubestemt tid, og så ber det like attende til start. Dette skjedde fire-fem gongar – med begge to. Frustrasjon!
Endeleg! Der var Ragnhild og grøn brikke i mål. Men noko skurrar litt. Vann vi eigentleg no? Dersom det siste tekst-feltet ein var innom var «sal for 40 mill.» eller «Carte Blanche skal få prøvelokale» eller «sal til høgstbydande», kva skjer eigentleg når ein kjem i mål da?
Vi innser at det å kome i mål ikkje nødvendigvis tyder at kulturlivet vinn. Forvirra.
Etter å ha bestemt oss for å la tvilen kome kulturen til gode byrjar vi å pakke saman spelet. Men vent: Illustrasjonen har jo fleire namngitte brikkar, i ulike fargar. Det er svaret. Det var jo grøn som vann, så da er det berre å stadfeste kven grøn representerer!
Ups. Eigedomsbaron Erling Falch Monsen.
Om du ikkje har satt deg inn i/eller har forståing for saka om Sentralbadet, så anbefaler vi å spele dette spele så forstår du og kor meiningslast det er og kor oppgitt ein blir.
Konklusjon: Spel er ikkje røynda. Heldigvis.
– Ragnhild (grøn/Erling Falch Monsen) og Ingrid (blå/Henning Warloe)