Kategorier
Kvardagsglimt Livsstil

Skulk med stil

Det er ikkje alltid like lett å vere flittig student når det er tivoli i byen.

Det er påskeveke, og lite som opptek oss på framsyningsfronten. Like fullt sitt vi trofaste på masterlesesalen – bortsett frå når det er fint vêr, så klart!

Tysdag sneik vi oss unna midt på dagen for å gå på tivoli i Nygårdsparken, og kjende oss litt som tøffe 14-åringar som skulka skulen for å ete sukkerspinn. Heldigvis går vi ikkje ned i ordenskarakter no! Vi dokumenterte sjølvklart denne leikande, teatrale hendinga (som er i Bergen fram til 9. april), og hadde det så artig at vi gjerne vil dele det med verda.

Lindströms har inntatt Nygårdsparken
På veg inn i den engelske hagen med to billetthefte i veska.
Fyrst tok vi det flygande teppe, sånn for å få oversikten.
Vi hadde heilt gløymt at billetten har sånn stjerne du kan trykke ut!
Super Waltzer FTW! Beste karusellen. Ever.
Vi takla kul i bakhovudet og sug i magen med vekslande hell
Obligatorisk, men akk så kvalmt.
Millan og Ragnhild Hadde ein kjipatur på spøkelsestoget.
Ragnhild er sukkerpassar medan andre køyrer karusell.
Trangt - men verdt det!
Trangt – men verdt det!

– <3leg helsing Ragnhild og Ingrid (og Millan og Ragnhild)

3 svar til “Skulk med stil”

Det er stengt for kommentarer.