Viss du tek turen til Østre på torsdag eller fredag denne, kan du sjå forestillinga Stridslek. Vi har snakka med regissøren, Sara Bruteig Olsen.
ASL?
29, kvinne, Bergen City
Kva er du aktuell med?
Akkurat no er eg aktuell med ei forestilling som heiter Stridslek – en (scenisk) hyllest til Sara, Valerie, Andy og alle andre som måtte føle seg truffet. Det er ei forestilling basert på Sara Stridsberg sin roman, Drømmefakultetet. Vi har teke utgangspunkt i –og jobba med inspirasjonen vi har fått av å lese den. Det er ein forteljarglede og noko vi oppfattar som ein klok portrettering av ein tenkt person som er inspirert av ein verkeleg person. Boka handlar om Valerie Solanas, men det er og ein litterær fantasi, så det er ei tenkt Valerie Solanas, og forestillinga er tolkinga vår av det igjen.
Og kven er Andy?
Warhol. Valerie prøvde å ta livet av Andy Warhol. Det er noko av det Stridsberg har skrive fantasi rundt.
Beskriv ein vanleg dag for deg i august 2014?
Da er det vel eigentleg å stå opp, sånn rundt åtte. Altså denne august har vore arbeidsmånad, så ein kva som helst annan august hadde eg ikkje gjort det. Eg sitt litt med dataen og skriv notatar og i august 2014 har eg lært meg å redigere film, eg har sete med iMovie. Også drar eg og har prøvar med crewet, og slik fortsett det utover ettermiddagene. Også syklar eg masse, fram og attende på brostein.
Kva er din drømmejobb?
(Tenkepause …) Det er eit veldig vanskelig spørsmål. Men eg likar godt dei jobbane eg har med teater, studiar, og som pedagog. Eller å jobbe i radio, det har eg alltid ville prøve.
Kven er drømmekjærasten din?
Ein eg kan le med og krangle med og sjå ti timars tv-serie-maraton med. Slik som han eg er saman med no.
Kva ville Sara 14 år svart pådet spørsmålet?
Haha, det er morsomt. Eg trur det hadde blitt Jared Leto.
Har du nokre skjulte egenskapar?
Eg er betre til å lære meg tekniske ting enn eg trudde, eg har alltid trudd eg var ekstremt dårlig til det. Eg skal ikkje seie at eg er skikkelig god, men betre enn eg trudde. Og det er eg glad for.
Kven er Teateretaten?
Vi er ei gruppe som jobbar prosjektbasert, og har vore aktiv litt sånn no og da. Vi er ulike folk innom. Vi har så langt alltid hatt med musikk og jobbar gjerne tverrkunstnerisk. Og med prosessorientert arbeid, kor alle er skapande og er med å lage produktet, sjølv om vi som regel har ulike rollar.
Korleis oppstod Teateretaten?
Det oppstod ved at eg og produsenten Alice var påeit naschpiel og drakk konjakk, da bestemte vi oss for å starte Teateretaten. Også satte vi opp vårt første stykke Sensless i 2009 påImpulssenteret/Chagall.
Kva skjer med at Stridsberg plutseleg inntek Bergen? (DNS).
Det er eg glad for, ho er ein ekstremt inspirerande forfatter, så det blir gøy å sjå det stykket. Det gler vi oss til. Vi held oss veldig lo fi, og alt blir veldig intimt. Det er ein mogleg forskjell på vår Stridsberg.
Kva var ditt første møte med teatret?
Det var når eg var 12 trur eg, og eg traff ei som heitar Jenny, på kulturmønstringa der eg kjem frå, i Fauske. Vi klikka, ogsåbestemte vi oss for å starte ei gruppe. Da satte vi opp eit stykke i Fauske kino, som eg trur heiter Som i himmelen, kor vi fekk latterkrampe på scena. Også oppstod teatergruppa som eg var med i fram til eg flytta.
Kva slags type teater likar du?
Eg likar nok ofte teater som på ein måte er ein miks av å vere på lag og utfordre seg sjølv og sitt publikum. Det er litt vagt kanskje, men eg likar og veldig mange forskjellige typar teater, eg er veldig glad i å sjå ting som er deilig underhaldande, eller ting som kan sette i gang tankeprosessar eller kjensler. Eg likar at teater er ganske tverrkunstnerisk, sånn generelt synast eg det er deilig med ulike typar kunstopplevingar og dei som kombinerer mange forskjellige verkemiddel.
Kva er di beste teateroppleving?
Eg trur eg har fleire, men Vildanden (på Festspillene i 2009 red. anm). Den var var veldig forførande, den var veldig insisterande, også var det deilig å få vere i det universet over så lang tid, det formgrepet gjorde det ganske interessant.
Kva er di verste teateroppleving?
Det synast eg er så slemt å seie, det har eg ikkje lyst til å spesifisere, men det har skjedd (veit nøyaktig kva forestilling det er).
Tre ting du ville hatt med deg på ei 16 timers lang Vinge/Müller-framsyning?
Utan å kunne gå derfrå? Oi! Noko mat? Burde eg tenke pragmatisk? Eg trur eg ville tatt med eit headset, slik at eg kunne høyrd på noko anna i mellom, viss eg vart redd eller synast det vart litt ubehagelig. Da ville eg kanskje hatt noko bølgeskvulp. Og kanskje ein god ven som ein har moglegheit til å sove på og prate med, som ein kan fordøye litt inntrykk med. Og … tre ting altså … kanskje ei flaske vin. Altså, vin, venn og headset med bølgeskvulp.
Om du ikkje hadde drive med teater, kva hadde du gjort da?
Eg gjer jo andre ting og, så det er ikkje heilt utenkelig, men om teater hadde forsvunne heilt, hadde eg nok vore eitt litt mindre stressa og litt meir rastlaust menneske.
Korleis skal Teateretaten ta over verda?
(Etter litt nøling) Teateretaten har vel ikkje så veldig lyst til å ta over verda, det smakte ikkje så godt i min munn.
Kanskje de kan ta over Norge, Bergen, Østre Skostredet?
Med å le og spøke og skape ei magisk Stridslek-verd.
Har du nokre råd til unge, aspirerande teatermennske som har lyst til å starte opp noko sjølv?
Gå på naschpiel? Også må ein kanskje vere litt dumdristig på eit vis, det tar jo plutselig tid og pengar og er omfattande, men har ein lyst nok, går det.
Kva vil du seie om dagens outfit?
Dette er eit veldig pragmatisk outfit. Det handlar om at eg kjem frå og skal til jobb, og det kjennast behagelig å gå med bomull og strechbukse. Det er comfort foran utseende. Det får gå no, også får eg heller slå til på premiera.
Og no: ein selfie
Veldig bra selfiepose, Sara. Passe flørtande blikk med blunkinga, og ikkje overdreven bruk av duckface. Terningkast: 6.