Reisebrev frå Torun

Kjære frontlosje-fan,

førre veke reiste eg til Polen med denne glade gjengen; Team Snill! Før vi reiste til Polen kunne eg tre polske ord: Dobra, Kurwa og Tak (bra, faen og ja). Korleis skulle dette gå?

edited_1476609498333

Vi skulle nemlig til Polen med teaterkompaniet eg jobbar med, Open Window Theatre, for å vise forestillinga SNILLBaj Pomorksi Theatre, eit teater med fasade som får 10 av 10 moglege poeng. Snakk om titteskap! edited_1476633733351-1

Innan no har du heilt sikkert skjønt at det var den pittoreske byen Toruń vi var i. Den ligg ca. to timers kjøretur sør for Gdansk og ser sånn ut:

dsc_0363 ??????????????????????????????? dsc05985 ???????????????????????????????

dsc_0360Dette er ein middelalderby med kloster/fort-ruiner fra 1200-tallet. Mange lever fortsatt ut den middelalderske draumen i Toruń. Eg er litt usikker på om denne tidreisa var noko for meg…

dsc_0439

Men heldigvis var det teikn på at vi lever i 2016 i Toruń òg, som til dømes med nye kulturbygg i brutalistisk stil med teglstein som matcher resten av gamlebyen. Her såg vi forresten det Polske tilsvaret til Torbjørn Egner – The Kleksa guy. Figurteatermusikal eller noko slikt. Eg var ikkje like begeistra som dei polske ungane må eg ærleg innrømme

_20161017_123852

Før vi skulle flytte inn på teateret for å rigge opp til forestilling hadde vi god tid til å utforske byen. Men først, la meg presentere mitt reisefølge:

Dominika – kunstnerisk leder i Open Window Theatre og skuespiller i Snill. Vårt polske alibi. Liker gale hunder.

dsc05969

Stein Ove – sykehusklovn og tekniker. Kanskje eit stabeist.

dsc05973

Det var òg viktig å vi bli kjent med polsk matkultur. Den består stort sett av grå mat og ting med kirsebær i. Eller smult med bacon i. Eller hot wine, eller gløgg som vi kaller det i Noreg.

dsc_0376 dsc_0374 dsc_0349

Ja, og masse pirogi da.

Det vart òg tid til å sjekke ut kjellere som no var sirkusbar, som før var teater, og som enda lenger før det sikkert var potetkjeller.

dsc_0337

Etter utforsking av byen, kulturen og maten, flytta vi inn i salen for eit lite døgn for å rigge til forestilling. Eg fekk mellom anna vere teknikerassistent.

dsc_0403

dsc06016 dsc05986dsc_0385

dsc_0416Da forestillinga var spelt – på norsk i polen. Var det påtide å henge med eliten fra polsk figurteater og prøve å forstå seg på polsk.

img_20161018_220801

Da den norske delegasjonen fra reisefølget var leie av å fprøve å forstå oss på polsk, utforska vi heller teatret og hagen til teatret.

dsc_0423 dsc_0426 dsc_0402

??????????????????????????????????

Bildetittel: Draw me like one of your french girls

dsc_0326

Da jobben var gjort, og eg hadde klart å vri meg inna å bli stekt til middag, sa vi hadet bra til Torun. Vi fekk lokalt pepperkakeøl av vertsskapet vårt, Agnes, fordi Toruns lokale delikatesse er mjuke pepperkaker, året rundt!

dsc_0443 dsc_0454

Det siste på programmet var ein svipptur innom Gdansk. Der møtte vi søsterteatret til Open Window Theatre – Teatret i vinduet. Ser du, no kunne eg forstå veldig mykje meir polsk.

dsc_0464

Neida, eg kan fortsatt ikkje meir polsk enn det eg kunne i utgangspunktet. Kurwa!

Og alle var enige om at det hadde vært en fin tur.

Helsing Ingrid

Tags: , ,