Pluss éin

Vi som er glade i scenekunst har alle vore der: korleis får ein med seg familie, kjæraste og vennar på framsyningar når du vil ha nokon å dele opplevinga med?

Det kan av og til bli litt trist og einsamt når ein går åleine i teateret.

Det kan av og til bli litt trist og einsamt når ein går åleine i teateret.

I dette innlegget vil eg freiste å drive real forbrukarjournalistikk. Gjennom ulike døme og strategiar skal eg foreslå kva type teater som passar for uvante ganar, og slik kome med tips til korleis ein kan lure folk med litt etter litt – slik at dei faktisk blir med fordi dei har lyst. Mykje er kanskje klisjefylt og sjølvklart, men det er det brorparten av all blogging går ut på. Om ikkje anna gjer eg det for å legge min eigen slagplan: dette er noko som har vore i tankane sidan Frontlosjen spreidde seg utover i Noregs land. Det er ikkje støtt like kult å gå åleine på teater.

IMAG1460

Med enkle triks kan du få fleire å dele opplevinga med – både før og etter framsyning.

Utnytt den popkulturelle trenden

Dette er openbart. No florerar det av alskens popkulturelle referansar i programerarteaterverda. Recycling, jamming, popburlesk – kjært barn har mange namn. Poenget er at du lett kan finne att element frå andre meir utbreidde media som tvseriar og filmar. Om vedkommande likar scifi, kan de gå og sjå &, og om generelt action er bra, funkar kanskje BLAM! enno betre.

Droidar og menneske i skjønn foreining

Droidar og menneske i skjønn foreining (&)

Gå for realismen

Det er viktig å godta ein ting når ein skal ta med grønskollingar inn i vår forunderlege teaterverd: dei er ikkje nok trente til å starte med obskure off-off-off Brodway-produksjonar og få glede av det. Å sende dei på ei smal Avantgarden-oppsetting kan vere omtrent like lurt som å be ein Bieber-fan om å betale 200 kr for å høyre på frijazz.

 

Kul tarantella.

Ingen ting er som ei vellukka iscenesetting av ein klassikar (Nora)

Dermed kjem vi  til klassikaren: gå for store produksjonar fulle av fine kostyme og velkjend dramaturgi som er lett å like. I det heile tatt er brorparten av mainstreamteateret godtatt her, med realistisk spelestil og gjerne aristotelisk oppbygging. Men prøv likevel å unngå dei mest trauste oppsettingane – det blir berre feil uansett. Her er nokre betre alternativ: Jeppe på BergetMørketidDie GlasmenagerieEn midtsommernattsdrømNora.

Foto: Carl Thorborg

Gamle historiar treng ikkje vere trauste. (Jeppe)  Foto: Carl Thorborg

Dette tyder ikkje at ein må unngå alt utanfor dei store institusjonsteatra, for all del. Men det er smart å sjå etter kriteria over når du skummer gjennom semesterprogramma til BIT, BB og TAG.

Fiks billigbillettar

Nesten alle let seg friste av ting som er billig eller gratis. Spanderer du eit glas i tilleg, er det bænkers.

Eit anna godt tips er å velge ut framsyningar som berre er episke.

Eit anna godt tips er å velge ut framsyningar som berre er episke (Life and times – Episode 1)

Gjer research – leit etter interesseemne

Eigentleg ei fordjuping av fyrste punkt. Finn ut kva den andre parten likar, og utnytt det. Når ein bur i lag med det midtausteninteresserte slaget, er til dømes Hooman Sharifi eit godt val. For historikaren verkar nok Dyveke forlokkande, mellom litteraturelskaren kan lurast med på det meste av klassikarar – frå Den guddommelege komedie til Måken. No finnst det til og med teater for metal-fans, så her er det noko for alle!

Bodenprobe Kasachstan. Perfekt dersom du har kjende i oljebransjen.

Bodenprobe Kasachstan. Perfekt dersom du har kjende i oljebransjen.

Straff - både for samfunnsengasjerte og brettspelentusiastar

Straff – både for samfunnsengasjerte og brettspelentusiastar

Fotograf: Thor Brødreskift

Historisk sus og heftige kostyme. (Dyveke) Fotograf: Thor Brødreskift

Boobies!

Får du nyss om at det er høg fleskefaktor i eit stykke? Det er verdt eit forsøk!

Her må ein jo dra fram det ultimate eksempelet: Dionysos in 69.

Her må ein jo dra fram det ultimate eksempelet: Dionysos in 69. Her er det noko for ein kvar smak!

Smart å satse alle pengane på ein hest?

Når eg prøver hardt å få med meg nye menneske i teateret, er det ofte fordi dei faste teaterpartnarane mine har svikta. Derfor: spre investeringa di ut over to-tre ulike personar (gjerne med ulike interessefelt), slik at du sjeldan går einsam på framsyning.IMG_7879 IMAG0348 IMG_7563 mobil 3 026

– Ragnhild

Tags: , , , , , , , , ,