Vi er to unge frøkner som likar teater. Ikkje berre å sjå teater, men òg å lese om det, diskutere det, produsere det, representere det og kjenne på ambiensen til det. Og no tenkte vi jammen at vi skulle skrive om det òg. Men ikkje på den pretensiøse måten, for det gjer vi nok av på lesesalen. Vi har endeleg innsett at msn-groups er litt 2000, men beheld sjarmen også i vaksent format. Her i Frontlosjen gjer vi som andre unge damer med rosa dagbøker – vi skriv om kvardag, kaffi, klede og store events. Reint bortsett frå at alt dreier seg om teater, sjølvklart.
Ingrid er trønderinne med tjuefire vintre bak seg. Ingrid likar først og fremst teater fordi ho som fjortis hadde eitt eksponeringsbehov. Sjølv om lidenskapen på scena no har flytta seg til salen og vitskaplege samanhengar, betyr det ikkje at ho elskar dei skrå bredder mindre – tvert i mot (som Ibsen sa på dødsleiet – ikkje at Ingrid er på dødsleiet)!
Ragnhild er ei 25 år gammal døladame som ei stund risikerte å bli veldig god i badminton. Men heldigvis flytta det inn ein iransk regissør hos naboen, og oppveksten vart redda. Etter ein lengre karriere i rampeljoset, tok ho omsider til vettet og gjekk over til the dark side. Ho er no lukkeleg oppslukt av akademiske og organisatoriske syslar.
Frontlosjefacts:
- Ingrid og Ragnhild har gått på vidaregåande saman
- Ragnhild snakkar meir enn Ingrid, men Ingrid snakkar desto høgare
- Ingrid sitt første inntrykk av Ragnhild var: ”hmmm, det virka som ei jordnær jente”
- Ragnhild skreiv bachelor om framveksten til europeisk friluftsteater
- Andreas Diesen har spurt Ingrid om ho er sprek
- Ingrid likar baguettar og fransktalande kanadiarar, Ragnhild likar brattwurst og tyskarar. Eller var det tyrkarar?
- Dramalæraren vår kommenterte ein gong at Ingrid har for lite rynkar til å bli sminka som gamal. Så ho demonstrerer på Ragnhild: ”Ja, sjå her va de myttji å ta tå!”
- Ragnhild har spelt på store teater som DNT og Chat Noir
- Begge har spelt kålorm i Alice i Eventyrland. Samstundes. Fellesburka <3
- Ingrid sit i Kunstnarisk råd i Studentteateret Immaturus
- Ragnhild har deita ein tysk dramatikar. True story
- Ingrid og Ragnhild vil avskaffe andre balkong
6 svar til “Om Frontlosjen”
Hærregud Ingrid har du brilla innom solbrillan???
Viss du ser godt etter, så har eg faktisk IKKJE det. Briller innom solbrillene er sååå 2006 lizzm.
Dette var jo på den tida du faktisk hadde linser!
Oppdaget endelig bloggen dere! Hahahah…den er jo rasende festlig:) Kan vi bli blogg-venner?
Kult! Vi kan lett bli bloggvenner.
Eg òg vil!