Kategorier
Kvardagsglimt

Nyttårskavalkade

Vi mimrar attende til høgdepunkta i 2016.

Vi legg 2016 bak oss, eit år som i mange samanhenger kan beskrivast som ein «annus horibilis» når det kjem til politiske val, listhaugianarar og kjendsidødsfall. Derfor har vi samla samla høgdepungt frå bloggåret som var, for å bevise at året som var ikkje var så ille likevel. Her kan du friske opp nokre av dei beste minna frå Frontlosjen 2016!

Årets «dette har eg aldri gjort før, så det får eg sikkert til»:

Vi prøvde å lage fontlotion. Det er ikkje alltid du får til å gjere ting du ikkje har gjort før. Men vi hadde ein veldig fin poster boy, da!

DSC08184

Årets ambiente:

Durcheinander med elevar Fyllingsdalen VGS var visst sånn som ein dreiv på med på åttitalet, skal vi tru enkelte teatervitskapsprofessorar. Men vi hadde det kjekt likevel.

Sven Åge Birkeland Frontlosjen

Årets opptur:

Etableringsstipend frå Bergen kommune, tusen takk!

A photo posted by Frontlosjen (@frontlosjen) on

Årets outfit:

Anna og Ingrid vil førebu oss på framtida og gjer det med stil med å gi deg stilen til Verk Produksjoner 

dsc05907

Årets #fanart:

Kva med ein teatertattis?

hochklutur

Årets eyecandy:

På Grand Tour på Grand med Walk of Shame var det mykje å kvile augane på.

walk5

Årets snakkis:

Frontlosjen <3 Teaterfestivalen i Fjaler, og var som vanlig på plass i Dale – denne gongen i fleire format! Vi spelte inn podcast. Åtte stykk på fire dagar. Om vi snakkar kvalitet eller kvanitet er vi ikkje heilt sikre på.

dsc05780

Årets tabloide:

Pass deg for kunsten, den kan gjere deg avhengig!

dsc05946

Årets gjesteopptreden: 

Eit gledeleg gjensyn (og avbrekk frå maset vårt?) som tek for seg ei av årets største scenekunstoppleving i våre auga!

13989603_1114499261927343_1944221365_n

Årets nykommar:

Vi kan ikkje komme utanom å nevne vår eigen festival i denne lista. For ei oppleving! Og tenk, no er det berre eit år til neste gong!

FESTIVAL24

Årets dannelsesreiser:

Ja, Klarte vi eigentleg nyttårsforsettet vårt for 2016?

Iflg oss sjølv skulle vi «[…] sjå minst fem store teateropplevingar som ikkje er i Bergen. Det kan vere ein festival ein annan plass, eller ein klassiker på Nationalteateret eller eit av dei store utandørsspela. Aller helst bør vi klare ein teatertur til det store utlandet også. Forestilling på Os tel, men ikkje fem forestillingar på OS – det vil vere juks» (Frontlosjen 2016).

Vi gløymte nemleg om dette var fem kvar, eller fem til saman, eller fem båe to såg… På tide å gjere ei opptelling:

– Frontlosjen var på Rogaland teater for første gong. Der såg vi Markens Grøde (rekonstruert). Det var ambient og fint!

– Ragnhild såg intet mindre enn 15 framsyningar på Aerowaves-festival i Pilsen, Tsjekkia og fire frasyningar på Kunsten i Brussel, Belgia.

– Ingrid var i Fjaler og såg alle forestillingane og i Torun, Polen og såg seks figurteaterforestillingar for barn, på polsk.

Vi let det passere for denne gongen.

dsc_0430

Kva var ditt teaterhøgdepunkt i 2016?

– Ragnhild og Ingrid

Legg igjen en kommentar