Kategorier
Kvardagsglimt

New girl in town

Ingrid har flytta til Trondheim – og hadde sin jomfrutur på Teaterhuset Avant Garden.

Ny by, nye teater og nye moglegheitar? Frontlosjen har splitta seg, reint geografisk. For å utvide horisonten. Ragnhild skal vere i Bergen og eg, Ingrid, i Trondheim. Fredag sjekka eg ut ein av teaterfasilitetane i min nye heimstad, Trondheim. Første stopp var Teaterhuset Avant Garden.

Mi jomfruforestilling hjå TAG var ei konsertforestilling med Elektrorockbandet Ningun Extremo og dansekunstkonstellasjonen VIB. Kortreist kunst. Noko eg likte særs godt. Sjølv om eg gjerne skulle stått og hatt ein øl i handa og nyta konserten framfor å sitte pent og stille på ein benk og betrakte framsyninga, enkelte vil kanskje hevde at ein ikkje ville fått så mykje ut av tematikken, men for meg var det nok å nyte dans, musikk og video.

Eg gledar meg til å finne ut kva Trondheim har å by på som teaterby. Hittil har eg no stifta kjenskap med Avant Garden, og Trøndelag Teater har eg jo besøkt før. Eg sett veldig pris på om lokale kjennarar tek meg med på andre teatereventyr enn desse to, eg håpar det finnast mykje som eg ikkje veit om enno.

– Ingrid