Det er ganske omfattande å reise frå Bergen til Otta eins for å halde seg vaken ei heil natt. Men når Fredrik og Maries teaterlag bestemmer at vi skal gjere det, så måtte vi jo det.
Vi har sett Fru Inger til Østeraat. Her er teaterhendinga vår – time for time*.
*Alle tidene er relative.
11.29: Det heile startar med at ein kjem. Og til stasjonsbyen er det aller stiligast å kome med toget. Ingrid har hatt eigen kupé på turen over fjellet, og er utkvilt og klar for kafé og teater når ho kjem til Otta.
11.40: Så går turen til tunet*. Det viktigaste fyrst.
*Ottatunet kjøpesenter
12.30: Kva kan ein så finne på? Kafé. Og shopping fyrst så klart, men det må vi innrømme at er fort gjort.
13.30: Så vi kjøper godteri til framsyninga (sukker for å halde seg vaken!), og går på kafé ein gong til.
20.30: Så fekk vi besøk av Helena og Petter. Teaterfiffen i Gudbrandsdalen held saman!
Da vart det vorspiel med kanelkake og raudvin på Ottas beste vestkant.
22.10: På plass i bilen og klare for avreise! Helena er førebudd på det meste.
22.15: Denne gjengen er klare for ei natt fylt med horror og pest. Vi er framme i Otta kulturhus, som ligg vegg i vegg med Nordgudbrandsdalen vidaregåande skule avdeling Otta. Stemninga er på topp.
22.25: Vi sjekkar utvalet i kiosken. Her er det berre å ta seg ein bolle! (og betale via vipps)
Ragnhild har gått for ei praktisk løysing med teaterpels og nakkestøtte i eitt. Vi leiker ikkje teatermaraton.
22.35: Framsyninga startar og vi er spente: når kjem vi til å somne?
For Ingrid tek det om lag ein time, men det er ikkje så verst. Og ho kviknar stadig til att.
23.00: Ragnhild ler av dei lokale spel-referansane i starten, og prøver å forklare dei til uttabygdingane. Kristin Lavransdatter-spelet og (spesielt) Peer Gynt får gjennomgå med kjærlig hand. Og alle amatørmusikalar ever, den referansa tek alle. (Foto: István Virág)
01.10: Medister på gaffel litt etter midnatt er eit must for å halde ut.
Sjølv om vi eigentleg ikkje hadde lyst til å gå glipp av dei kule pausene! (Foto: István Virág)
02.00: Teppepose aukar hyggefaktoren.
Ingrid var spesielt begeistra for dei mange songane (som kunne ha vore enno fleire) (Foto: István Virág)
03.00: Rømmegrauten var inkludert i billetten og vart sett fram i ein av pausene. Ein må jo by, når det kjem fræmon.
03.40: Favorittdelen vår kom ganske langt uti. Gaga <3 (Foto: István Virág)
(Foto: István Virág)
06.13: Ikkje alle fekk med seg like mykje av Macbeth-biten.
Men dette innslaget gjekk oss ikkje hus forbi. Humor.
07.00: Klarte det! No vil vi berre sove.
Så vi forlet kulturhuset (til høgre).
07.10: Trollsk stemning rundt felleskjøpet. Slik ser altså verda ut om morgonen.
– Ingrid og Ragnhild
Fru Inger til Østeraat av Fredrik og Maries teaterlag.
Otta kulturhus 24.08 – 25.08 – 31.08 – 01.09 – 07.09 – 08.09 kl. 22.30
Buss frå Black Box teater dei to siste helgene.
Kunstnarisk leiing, regi, produsent: Marie Nikazm Bakken – Kunstnarisk leiing, Kostymedesign, scenograf, rekvisitt, maske, produsent, skodespel: Fredrik Floen –
Av og med: Henrik Ibsen, Maja Bekken. Marie Othilie Hundevadt, David Stephen Grant, Ann-Marie Fritiofsson, Barbro Bekken, Jostein Kjorstad, Karianne Kaspara Haag, Selma Lindgren, Ellinor Egeberg, Frøydis Aarhus, Svend Erichsen, Daniel Frikstad, Andrea Rudland Haave, Kjersti Aas Stenby, Maria Zakrisson Mortensson, Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas, Sigrid Lerche, Solveig Styve Holte, Rannei Grenne, Paloma Leyton – Den fremmede i natten, lokale gjestar: Adis Yakupovic, Alf Ollet, Melanie Fieldseth – Co-produksjon: Black Box teater (Oslo), Otta Kulturhus (Otta) – Støttet av: Norsk Kulturråd, Oppland Fylkeskommune, Fond For Lyd og Bilde, Fond for utøvende Kunstnere.
innavla mjøl i posen // ragnhild er frå otta. ingrid har vore der mange gongar før.