Eg drømmer eit eller anna ymse kvar natt, og som regel hugsar eg det morgonen etter. Eg kunne sikkert hatt ein eigen blogg der eg skriv om draumane mine. Det eg drømmer er sjølvsagt ein god blanding av inntrykk og opplevingar frå livet mitt. Ein av dei teateropplevingane som har satt mest inntrykk på meg er Vinge/Müllers Vildanden i 2009. Viss eg lukkar auga og tenkar på forestillinga, kjennar eg fortsatt den intense lukta av teaterblod. Derfor var det berre naturleg at eg skulle drømme om dei.
Vinge og Müller skulle sette opp ein ny versjon av sine ikoniske Ibsen-forestillinger. Denne gongen skulle dei ha med seg 30 statustar frå immaturus, som sjølvsagt skulle vere nakne. Sjansen for at så mange stiller opp nakne er ganske liten, så for å få med seg alle statistene dei trengte inviterte dei oss til ei prøveforestilling til si nye oppsetting.
Frå Vildanden i 2009. Foto: Magnus Skrede.
Vi skulle berre sjå på. Trudde vi. Ei stund ut i prøven fekk vi ein lapp kvar kor det stod noko vi skulle gjere på scena. Dei aller fleste skulle spele eit instrument dei eigentleg ikkje kunne, saman skulle dette bli ein del av lydbiletet til forestillinga. Dei fleste gjekk villig med på dette og satte seg til på scena og fant instrumentet sitt, det vere seg heimesnekra bongo-trommer, triangel eller fløyter. Eg og nokre andre nekta, vi skjønte jo at dei ville prøve å overtale oss til å kle oss nakne etter kvart.
Når prøven var slutt (det vitas ikkje om dei måtte kle seg nakne eller ikkje) fekk vi som nekta å opp på scena ein boks Dr pepper, to daim og ein lapp det stod noko lurt på som takk for at vi kom og såg prøva. Etterpå gjekk eg heim for å ta bilete av gaven eg fekk for å blogge om den. Meta. Det eg tok bilete av såg sjølvsagt heilt annleis ut enn det eg hadde fått. Noko slik som dette:
– Ingrid