Midtskill for Cornerteateret

Nyhenda om at det allereie høgt elska cornerteateret er nedleggingstrua på grunn av for lite pengestønad frå kommune og fylke, har spredt seg som ild i tørt gras dei siste dagane. Om du ikkje allereie har skrive under oppropet, så gjer det NO! Aksjon 7/7/7 har dei sjølv kalt det – og den 7. april oppfordrar vi alle til å møte opp på teateret på hjørnet av Møhlenpris for aksjon.

Men det er ikkje nok å skrive under oppropet. Frontlosjen kan ikkje vere noko dårlegare enn andre moteløvar, vi heng oss på «vis deg i eit usjarmerande ljos for å syne kor mykje du bryr deg om saka-trenda«.

Derfor startar vi ein sterkare kampanje mot nedlegging: Midtskill for Cornerteateret!

I desse selfietider legg du ut eit bilete på nettet av deg sjølv i midtskill og brukar emneknaggen #midtskillforcornerteateret. Det er ingen statement som fungerar betre enn ein fashion statement! Det er òg sjølvsagt frisyren vi rådar deg til å stille opp med når du troppar opp den 7. april for å vise politikarane at Cornerteateret er alt for ungt til å stengjast!

DSC00350

Midtskill-3

DSC00340

Midtskill-13

DSC00358

Midtskill-15

DSC00341

Midtskill-12

DSC00332

Midtskill-6

 

Ein må lide for kunsten.

– Ragnhild og Ingrid