Kategorier
Kvardagsglimt

Mann (35) er ikkje heilt sikker på kvifor han er i Fjaler

Vi har tatt saka.

*åtvaring: gravande journalistikk*

Sidan seint torsdag kveld har ein vaksen mann med bart vore observert på teaterfestival i Dale. Mannen, som angiveleg heiter Tormod Carlsen, er litt usikker på kvifor han har tatt turen heilt frå hovudstaden.

Allereie går rykta og teoriane er mange, men førebels er det ingen svar å få. Vi har tatt på gravande journalist-hatten og intervjua folk for å kome til bunns i saka.

Scenograf Silje Sandodden Kise er ikkje sein om å gruble på orsaka.

– På fjorårets festival skulle Carlsen hatt framsyning i ein båt som aldri kom fram, kanskje den er her no?

Ein agent som er nøgd med observasjonen. Sneaky sneaky.

Anna Blekastad Watson frå Høgskulen i Volda, har heller ikkje fått vet på kvifor oslobuaren er på Vestlandet. Men ho tykkjer det er triveleg at han er det.

– Lat no mannen kose seg, seier Watson dramapedagogisk.

Sandodden Kise og Blekastad Watsom har sagt sitt. Agenten er ikkje tilfredsstilt.

Regissør Marie Nikazm Bakken vart fort frustrert over mannen med tilsynelatande manglande mål og meining, og sette han straks i arbeid:

– Tormod held bikkja mi med selskap gjennom heile andre del av Det siste eposet, seier regissøren, som ikkje likar lediggang.

Regissør Nikazm Bakken dyrkar ikkje slaraffenlivet, og let heller ikkje andre gjere det.

Kanskje får vil aldri noko klart svar, men festivalbloggarar er ikkje kjend for å gi seg lett. Det er eit mysterium at Carlsen er i Dale utan å vere supertravel med eiget prosjekt. No er han å observere på framsyningar rett som det er. Jakta held fram.

Skal det ende her? Får vi aldri svar?

Og no brenn tampen. Scenekunstnar og discjockey Fredrik Høstaker har ein plausibel teori:

– Tormod er her for å leite etter fingaren han mista i ein eller annan scenografi, seier Høstaker bråsikkert.

Ja, det kan vere. Men vi er framleis ikkje nøgd med forklaringa, og vel å stille mannen sjølv til veggs: Har du funne ut kvifor du er i Fjaler, Carlsen?

– Nei, det har eg ikkje. Men eg har det veldig kjekt, seier han.

Carlsen blir etter kvart litt lei av den gravande festivalbloggpaparazzien, men vi gir oss ikkje.

Da er det ikkje anna å gjere enn å gå heilt til topps i hierarkiet: vi spør festivalleiar Miriam Prestøy Lie. I det vi går bort til ho etter ei hyggeleg framsyning (der òg Carlsen var observert, red.anm), sitrar kroppen av forventning. (Må lesast med brødrene Dal-forteljarstemme:) Er dette augneblinken vi får svaret? Kanskje han har fått eit hemmeleg oppdrag av Torkil og Miriam. Er har her rett og slett berre for å sjå framsyningar? Skal han får ein pris? Eller er han den nye rektoren på UWC i Flekke?

– Tormod er her fordi vi inviterte han.

Åja, OK.

Prestøy Lie, ein av dæm to agæntan og Carlsen.

Nok eit musterium er løyst.

– Ingrid og Ragnhild

Merknad: Saka er skrive fritt etter samtale. Delar av intervjumaterialet er fabrikert.

// mjøling av andre si kake //  frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler

Legg igjen en kommentar