I natt drømte eg (Ingrid) at syster mi og nokre vener av ho kom og gikk i luciatog i morges. Eller, dei sang ikkje lucia-songen, men spelte fiolin for meg. Kan ha noko med at syster mi fortalte meg i går at ho lagde lusekatter av ekte safran og at ho speler fiolin utanom.
Dette er i alle fall luke nummer 13, med eller utan lusekattar: En bild på någon av dina favoritsaker.
Vi juksa oss til to bileter i dag. Desse skilta har vi vist før. Da var det mange som ikkje forstod, og måtte døy.
Desse skilta kjøpte Ingrid for slikk og ingenting på rivesalet da gamle teatergarasjen skulle rivast for nokre år sidan. Ho kom litt seint, og omtrent det einaste som var att, var desse skilta. Dei hadde Baktruppen brukt i ei framsyning på åttitalet. Etter det har skilta vore med på fest og fanteri, og akkurat no bur dei i forsterheim hjå Ragnhild. Har aldri angra på dette kjøpet.