Den store diskusjonen som går er om Ludde er dansk eller norsk – og svaret avheng nok om du spør ein danske eller ein nordmann. For meg er dette spørsmålet i grunnen ikkje så interessant, for min del handlar det mest om kor i Noreg han er frå (eller kor i Noreg namnet hans er frå). Mormora til mi fortalte ein gong at det vart sagt at han hadde namnet sitt frå Skogn (bygda i Trøndelag kor eg er frå), kor ein finn både Holsand, Holberg og Holåsen – haha, artig teori tenkte eg, og begynte å uttale namnet hans som vi gjer i Trøndelag, med trykk på Hol, tjukk L og berg med Æ: bærg: Hôlbærg. Men det skal da vise seg at Ludvig sin far var ein trøndersk offiser, ingen veit nøyaktig kor han var frå, men ein av dei største teoriane blant forskarane er mellom anna at namnet kjem frå Skogn. OK, dette virker kanskje ikkje så interessant for dei fleste, men å legge til Ludvig Holberg saman med Skifantomet Eillar (Eldar Rønning) og ein viss FRP-politikar vi ikkje snakkar så høgt om i lista over kjendisar frå Skogn, blir det straks mykje meir interessant som teatervitar å skryte av heimplassen sin.
Her er eitt knippe bilete frå Skogn:



– Ingrid
3 svar til “Ludvig Holberg – trønder?”
SKOGN <3 <3
FTW! Og enkelte kjelder meiner til og med at bestefaren til Ludde kom frå Stavlo. Men det betyr ikkje at vi er i slekt, garden har vore i slekta mi i berre 5 generasjonar (eller noko slik).
spenstig!