Livet i eit amfiteater

Vårens barne- og familieframsyning på Den Nationale Scene er Momo, eller kampen om tiden. Der møter vi jenta Momo som ikkje veit kor ho kjem frå og som ikkje har noko familie. Det einaste ho veit er at ho har levd bestandig så vidt ho hugsar. Momo får tilbud om å bu saman med fleire av innbyggarane i byen, men som den smarte jenta ho er, vil ho heller bu i amfiteater-ruinane. Det skal vise seg å vere eit klokt val, for der kan sjarmøren Gigi fortelje ho alle historiane om stjerner og prinsesser og Peppo koste veg for ho. Og til slutt reddar ho verda frå å miste all tida si til Tidssparekassen.

Momo har mange vennar. Mest sansynleg fordi ho bur i ein amfiteaterruin. Foto: Magnus Skrede

Momo har mange vennar. Mest sansynleg fordi ho bur i ein amfiteaterruin. Foto: Magnus Skrede

 

Vi vil òg bu i eit gammalt amfiteater, og har stilt oss sjølve følgjande spørsmål:

Viss du skulle bu i eit amfiteater, kva for eit ville du ha valgt?
Grunngjev svaret ditt.

Ingrid:

Dette var ein vanskeleg oppgave. Eg har alltid hatt ei dragning mot amfiteater. Da eg var på sydenferie i Tyrkia med familien på slutten av nittitalet, var det ein amfiteater-ruin på staden vi var (eg hugsar ikkje namnet, men det var på sørkysten, typ Alanya eller kva det heiter). Kvar gong gikk forbi det såg eg lengtande bort på det, eg hadde så lyst til å gå dit og finne ut kva dette var. Men det var ingen andre i familien som uttrykte interesse for det, så da turte ikkje eg å gjere det heller.

Men om eg må velge eit amfiteater eg skulle budd i, måtte eg nok, som den lokalpatrioten eg er, valgt amfiet på Stiklestad. Da kunne eg budd i ei av tømmerhyttene og laga snøhule i orkestergrava om vinteren. Også kunne eg lært meg å sloss med sverd som ein viking og gått barfot i graset. Og sjølvsagt hatt eit stort nøkkelknippe rundt livet, som den respektable amfiteater-innbyggaren eg ville vore.

DSC_0312 (2)

Ragnhild:

Sidan eg er ei vassekte byjente, må eg nok gå for eit meir urbant alternativ enn Ingrid. Litt meir sol om sommaren hadde heller ikkje skada, sidan eg må opphalde meg i friluft mesteparten av tida, men heldigvis treng eg ikkje gje slepp på kalde vintrar heller: eg vel å bu i amfiteateret i Amman. Om vinteren kan eg fyre opp ein liten varmeomn i det søylerommet til regi høgre, og om sommaren kan eg få besøk av mange trivelege turistar som held meg med selskap. Og når folk kjem på besøk er det ikkje noko problem, for eg har plass i miniamfiteater-annekset!

Roman_theater_of_Amman_03

Urbant plassert i hovudstaden til Jordan. Gjestehuset ligg til venstre. Foto: M. Halsnes

Urbant plassert i hovudstaden til Jordan. Gjestehuset ligg til venstre. Foto: M. Halsnes

– Ingrid og Ragnhild

 

Momo, eller kampen om tiden – Av Michael Ende – Dramatiker Torkil Sandsund – Dramatiker Solrun Toft Iversen – Regissør Kjersti Elvik – Komponist Anders Ortman – Scenograf og kostymedesigner Tore Sæther – Koreograf Ane Smørås – Lysdesigner Arne Kambestad – Dramaturg Solrun Toft Iversen

Speles på Store Scene DNS 13.02– 02.05.2015