Det er endeleg vår (i teorien), og vår tyder ny Immaturus-premiere. Eg har sjølvsagt vore der og fått med meg ein kommedie av det guddommelege slaget.
Studentteateret hadde funne attende til dei simultane speleplattformane, med eit hærleg søttitalspreg (eg ser for meg at dei stadig gjorte slikt da) – ein stor raud sirkel omgitt av små funkye vulkanar ein kunne stå på.
Fem skodespelarar representerte alt mellom helvete og jord, med enkle kostymar og imponerande heimelaga maskar. Det som var artig å sjå, var korleis nye skodespelarar nok ein gong imponerte med lovande talent for framtidige studentteaterproduksjonar. Eg hang ikkje støtt med på kva ring i helvete dei vandra igjennom til ei kvar tid, og skulle nok ønskje at ein del småplukk hadde vorte fjerna til fordel for andre meir interessante scener. Men det hadde nok vore tilfelle dersom premiera var tre veker fram i tid – det evige studentteaterproblemet.
Uansett – det artigaste med premierer er støtt dei fine kjolane og interessante personlegdomane ein treff i løpet av kvelden. Denne gongen fann eg dei mest interessante framfor speilet utanfor, og dokumenterte sjølvklart det heile. Her representert ved eit medlem av Kunstnarisk råd, ein lydteknikar og ein dreven skodespelardiva: Den guddommelige komedie kan du sjå 4.,5.,7. og 8. mars kl 19.30 i Tivoli på Kvarteret.
Alle framsyningsfoto er henta frå Immaturus si fjasbokside.
-Ragnhild
1 svar til “Koz med aften i helvete”
[…] mellom litteraturelskaren kan lurast med på det meste av klassikarar – frå Den guddommelege komedie til Måken. No finnst det til og med teater for metal-fans, så her er det noko for […]