La skolen våre leve, OK? No skal vi fortelje deg kvifor Inderøy videregåande skule ikkje må forsvinne.
Fordi Inderøy er ein fantastisk vakker plass som er trygge for ungdommane og kor ein kan leve heilt fritt.
Fordi på ingen annan skule kan ein vere så kreativ, innovativ og impulsiv som på Inderøy.
Fordi ingen anna skule har lærarar som har så stor tru på elevane og ulikskapane deira.
Fordi ingen annan skule gir så stort rom for å vere seg sjølv og bli seg sjølv.
Fordi ingen anna skule skapar så mange tenkande menneske med eigne meininger.
Fordi på ingen annan skule finn du elevar som synast det er heilt naturleg å gå i hundekostyme og heildrakt i rosa.
Fordi skulen skapar elever som bryr seg.
Fordi ingen annan skule lar elevane inkludere alle og lære seg å respektere forskjellane våre i så stor grad som på Inderøy.
Fordi på ingen annan skule blir ein bestevener med alle, livet ut.
Fordi skulen skapar elever som er trygge nok på seg sjølv til å ta eigne val utan at press frå andre skal påvirke det.
Fordi på Inderøy er eit godt sosialt miljø forutsetningen for eit godt læringsmiljø.
Fordi på ingen annan skule er det verdt å pendle 2,5 time kvar dag.
Fordi på ingen annan skule kan ein tru at ein kan bli verdsmester og få til alt.
Fordi på ingen anna skule vil elevane tatovere skulens logo for å #lainderøyvgsleve
Å legge ned inderøy vgs vil vere eit tap for Nord-Trøndelag. Å utvikle mennesker til å bli tenkande, inkluderande, respektfulle, innovative, kreative og fordomsfrie er viktigare enn å spare nokre millionar i året – det er meir samfunnsnyttig.
Er du like glad for Inderøy VGS sin eksistens som oss, så bli med i fakkeltog på søndag kl. 18 og syt for at fylkestinget ikkje legg ned skulen når saka skal til behandling 5. desember.
Med venleg helsing,
Ingrid og Ragnhild
(Som ikkje har gått så langt som å tatovere skulelogoen for å #lainderøyvgsleve, men som meiner at ei femårig utdanning i teatervitskap syner kva inntrykk skulen har gjort på oss)
*Fylkesmannen har visst ikkje noko med dette å gjere, men ein intern greie frå tidene på Inderøy passa seg som overskrift.