Kebabteater

Frontlosjen har vore og sett stykket Kebab på Teater Kebab i Bergen. Slik opplevde vi det.

DSC03997

Ein går rett inn i salen. Den er lys og åpen for omverda med store vindu. Er det vi eller dei utanfor som er aktørane? Har framsyninga starta no?

DSC04003

Ja, viser det seg. Eller, ja og nei. For dette er tydeleg eit durasjonsstykke der ein som tilskodar står fritt til å kome å gå som ein vil. Spelet varar frå føremiddag til langt på natt, og ingen dag er den same. Det gjer òg at kva oppleving blir unik, og dermed startar ikkje «vår» framsyning før vi sjølv vel å sette ho igang.

DSC04005

Etter nøye overvegingar gjekk vi for kvar vår retning i framsyninga. Som tilskodarar hadde vi ulike preferansar. Det var dessutan eit poeng å ta ulike val, slik at vi kunne få eit meir helskapleg inntrykk. For dette var eit mangslungent stykke – av og til kjendes det faktisk mest ut som ein varigheitsperformance!

DSC04010

Det er spennande å ta del i så store prosjekt, autensiteten blir til å ta og føle på og som publikummar kjenner ein seg verkeleg unik. Ein blir òg utfordra til å ta sine eigne val og stå for dei.

DSC04019

Det sistnemnte var til tider vanskeleg. Kva om framsyninga hadde vorte betre om ein gjekk ein annan veg?

DSC04020

Trass i eksistensielle trekk kunne òg denne valdsame tilfeldigheita i oppleving bli ei svakheit – det vart utan tvil langdrygt og kjedeleg til tider. Og det var heller ikkje alle statistane som levde opp til forventinga. Nokre takla dårleg å operere i not-acting-enden av skalaen, og framsto som teatrale og anstrengte.

DSC04012

Vi vel å diagnostisere stykket som postspektakulært. Vi trur vi har stor valfridom, men alt er eigentleg berre variantar av det same. Litt sånn som når unger får velge om dei vil ha på seg blå eller raud huve. Huve må dei ha på uansett. Pluss at det var lite spektakel å spore.

DSC04030

 

Kult konsept og grei gjennomføring, men ikkje den heilt store opplevinga med andre ord. Likevel er teater med servering alltid ein innertiar hjå oss, så kven veit – kanskje vi kjem att for å sjå ein av dei andre stykka i trilogien ein gong (Pizza og Burger).

DSC04014

Vi avsluttar meldinga med ein obligatorisk teaterselfie.

– Ragnhild og Ingrid

 

Kebab – av og med Teater Kebab.
Speles på ubestemt tid.